Miljøgrillen er typegodkjent og patentert.

– Me skjønnar rett og slett ikkje kva som er grunnen til at friluftsråda ikkje tek kontakt med oss, i og med at eingongsgrillar hivne i strandkanten, eller i søppelspann der dei kan føra til brann, er eit problem.

Me har utvikla vårt produkt i samarbeid med mellom andre Jæren og Ryfylke friluftsetat, seier Kenneth Aasheim frå Stord. Han er primus motor for prosjektet saman med konstruktør Jens Eriksen.

– Sjølve designen er signert møbeldesignar Olav Eldøy på Stord, og produktet vert laga ved verksemda Ensy på Tysnes, så dette er eit skikkeleg sunnhordlandsprodukt, seier Aasheim. Han legg til at dei har vore i kontakt med alle friluftsråda i distriktet, og dei synte for eit par år sidan positiv interesse. Sidan har det vore stille.

Les meir her.

Med lås Konstruksjonen er enkel, men funksjonell. På kvar side av ein stor aluminiumskasse er det stativ til å setja grillen på. Her kan ein så grilla, og når ein er ferdig med dette, er det berre å skyva grillen inn ei spesialkonstruert luke, og grillen er forsvarleg teke vare på.

Kassen er nemleg konstruert slik at når luka vert lukka, vert det også lufttett inne. Dermed vert alle tilløp til brann køyvde i starten. Denne løysinga er òg grunnen til at me har teke patent på bruktgrillkassen, eller miljøgrillen, seier Aasheim.

I bruk Aasheim fortel òg om gode attendemeldingar frå eit burettslag i Oslo, der eit slikt grillstativ har vore i bruk i eit par år. Det tåler det meste, er laga i aluminium og rustar ikkje. I tillegg er det pulverlakkert med lakk som også godt tåler varme. Tilbakemeldingane frå Gamlehaugen i Bergen, der eitt stativ er plassert er også gode.

Brannsjef Børge Presthaug stadfester til at han har vore med på å testa ut grillstativet, med gode resultat.

– Dette er først og fremst eit godt brannførebyggjande produkt som burde vore teke i bruk i langt større grad, seier han.

HAAVARD HYSTAD