— Det er eit samansett problem som blant anna handlar om kjærleiksbrot og store fysiske problem med hofta, seier Holte.

Mannen som er mest kjent som tryllekunstnar og illusjonist, med program blant anna på TV 2, er OL-vinnaren frå Myrkdalen sin talsmann og rådgivar i mediespørsmål. Bystøl er skjerma frå media, men han stadfestar i ein sms til Bergens Tidende at Holte er talsmann for han.

**Les også :

Har narra seg sjølv** |

— Kan snakke positivt om Lars i fleire timar

Det var vekebladet Se og Hør som i går fortalde at OL-vinnaren har testa positivt i ein dopingkontroll på det narkotiske stoffet tetrahydrocannabinol (THC). Stoffet finst i cannabis som vert brukt til å framstille hasj og marihuana.

Bergens Tidende er kjent med at Bystøl har forplikta seg overfor vekebladet.

- Får hjelp

— Eg kan stadfeste at han har testa positivt, utan at eg kan uttale meg om verdiane. Det ligg ikkje føre dom. Den positive testen vart avlagt i samband med norgescuprennet i Vikersund i slutten av november. Stoffet det er snakk om er ikkje prestasjonsfremjande, seier Holte.

Dagleg leiar i Antidoping Norge, Anders Solheim, stadfestar også at Bystøl er tatt i doping.

  • Eg kan stadfeste at han har avlagt positiv prøve. Saka er no lagt fram for påtalenemnda, seier Solheim, som ikkje vil spekulere i kor lang utestenging Bystøl kan vente seg.

Torgrim Holte vil ikkje seie noko om kor vidt Bystøl erkjenner å ha brukt narkotika, eller under kva slags omstende stoffet er brukt.

  • Det viktigaste no er at Lars har teke hand om seg sjølv. Han har forlate landet, og det er laga eit opplegg for behandling. Det gjeld både behandling av den skadde hofta, og å få hovudet på plass, seier Holte.

Han vil ikkje seie kvar i utlandet Bystøl er, men apparatet rundt han er sett saman både av profesjonelle og av vener. Han har også støttespelarar som hjelper han økonomisk, utan at Holte vil gå inn på kven dei er.

- Smertehelvete

  • Det fysiske problemet er at han ikkje kjem ned i sitjestilling. Han har eit smertehelvete. Det smell berre han bevegar seg. Alt er prøvd. Men vi håpar det skal finnast ein mirakelkur, seier rådgjevaren.
  • Er det realistisk å tru at han kjem tilbake på toppnivå i hoppbakken?
  • Eg trur framleis det er realistisk.

I sommar flytta Bystøl frå Trondheim til Lillehammer. Planen var at han skulle flytte saman med sambuaren gjennom fleire år.

  • Han flytta frå Trondheim til Lillehammer for å kome nærmare bakken der. Det enda med at sambuarskapet gjekk over ende. Han fann seg ikkje til rette på Lillehammer, og i dag har han adresse Oslo. No er han i utlandet for ein periode. Det handlar om å finne sin plass i livet, seier Holte.

Sjølvpålagt karantene

Han fortel at Bystøl har teke den positive dopingprøva på alvor.

  • Etter at han avla positiv dopingprøve, påla han seg sjølv karantene. Han har verken hoppa eller trent på andre måtar etterpå.
  • Men kvar gong han hamnar i trøbbel lovar han at dette er siste gong. Likevel skjer det gong etter gong. Kvifor?
  • For å seie det rett ut. Lars har ikkje eit alkoholproblem, han er ikkje alkoholikar. Problemet er at når han får i seg alkohol, har han eit åtferdsproblem.

— Handlar det om at han manglar dei same sperrene som gjer at han torer å setje utfor eit skihopp?

  • Eg hadde ikkje våga å setje utfor ein hoppbakke, for å seie det slik. Lars er Lars, rett og slett. Han er seg sjølv i alt og eitt. Han er ein veldig hyggjeleg kar, snill og kanskje litt inneslutta. Og han vil gjerne få til ting. Det handlar vel litt om forventningar også. Frå det å vere OL-meister til å bli sett ut av laget, når det du vil mest av alt er å hoppe. Det er stor fallhøgd.
I TRØBBEL IGJEN: Lars Bystøl (30) har avlagt positiv dopingprøve på eit narkotisk stoff. No prøver han å finne sin plass i livet etter å ha opplevd motgang både privat og sportsleg. Det er usikkert om han nokon gong greier å hoppe på ski igjen. Her blir han gratulert etter OL-gullet i 2006. ARKIVFOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX
STOR FALLHØGD: Det var folkefest på Voss då Lars Bystøl kom heim med OL-gull. Stor fallhøgd blir brukt som ei forklaring på at han gong etter gong har hamna i trøbbel. ARKIVFOTO: KNUT EGIL WANG
WANG GULLKLUBBEN: Lars Bystøl er den einaste norske hoppar som har teke tre medaljar i eitt OL. Her får han overrekt ringen som viser at han er medlem av gullklubben. ARKIVFOTO: JARL FR ERICHSEN, SCANPIX