— Eg kan aldri tru det er tilfeldig at tjuvar stel skinn frå to oppdrettarar omtrent samstundes. Dei visste kva dei var ute etter, seier Peder Seime, ein av dei råka pelsdyroppdrettarane, til bt.no.

I dag oppdaga han at rundt 200 sølvrevskinn var borte frå pelshuset på garden på Reed. Verdien på skinna er uviss, sidan skinna vert seld på auksjon.

Tjuvar har òg stole 113 skinn hjå ein pelsdyroppdrettar på Gåsemyr, truleg i natt.

Salsklare

Førre auksjon ga Seime 700 kroner per skinn i gjennomsnitt. Viss prisen er den same, har han mista verdiar for cirka 140.000 kroner.

— Tyveriet har skjedd nyleg, anten i natt eller natta før, seier Seime.

Pelsen var ferdig for sal, og den tilsvara store delar av årsproduksjonen til bonden. No er han fortvila.

Såg kvit varebil

Operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt trur det kan vera snakk om organisert kriminalitet.

— Det har vore patrulje på båe stadene i dag og sjekka, seier Stokkereit.

Hjå Seime på Reed høyrde eit vitne ein bil som starta opp mellom eitt og tre i natt. På Gåsemyr har eit anna vitne sett ein stor, kvit varebil.

— Me er interessert i tips. Dei som har sett noko, kan venda seg til lensmannen i Gloppen, seier Stokkereit.

VEGAR VALDE (ARKIV)