Dei to mennene som spaserer over Torgallmenningen er ulike å sjå til. Den yngste har grøn boblejakke og jobb i eit maskinutleigefirma, den andre er ein velkledd salsdirektør i eit softwarefirma. Aldersforskjellen er over tretti år.

BT ber Else Holm (47) frå Askøy om å sjå godt på dei to. Veit ho kven dei er?

— Hm. Nei, det gjer eg ikkje.

Møt alle kandidatane her !

Historisk direkteval

Det er Lars Bjarte Nesheim (28) og Karl Johan Kirkebø (59), begge kandidatar til Bjørgvin bispedø­meråd ved Kyrkjevalet 2009.

Valet er historisk.

Same dag som stortingsvalet blir arrangert, kan Else og alle andre medlemmer i statskyrkja også stemme direkte på kandidatar til sitt lokale sokne- og bispedø­meråd. Men Else, som ikkje har vore til kyrkje sidan ei gravferd i fjor, har slett ikkje tenkt å bruke stemmeretten.

— Eg er ingen flittig kyrkjegjengar. Eg er ikkje så inni det, seier Else.

Men kandidat Kirkebø slepp ikkje så lett taket i ein potensiell veljar.

— Stemmer du på meg, får du ein representant for ei brei folkekyrkje!

— Kanskje. Vi får sjå, svarar Else.

For få veker sidan dumpa valkortet til Kyrkjevalet 2009 ned i postkassa til 3,2 millionar nordmenn. I Hordaland og Sogn og Fjordane kjempar 23 menn og kvinner om plass i Bjørgvin bispedø­meråd. Men mange av namna er ukjende for folk flest — til og med for Kirkebø og Nesheim. Dei to har heller aldri møtt kvarandre før.

Kirkebø, som er nominert av sju kyrkjelydar i Fana prosti, karakteriserer seg sjølv som «litt rebell» på sida av det tradisjonelle kyrkjelege establishmentet.

— Kvifor skal folk stemme på deg?

— Fordi eg har strategisk kompetanse frå næringslivet og evne til å prioritere, slik at vi får utretta dei viktige tinga.

Nesheim lanserer seg sjølv først og fremst som ungdommens representant. Han er leiar i Ungdomsrå­det i Bjørgvin, og jobbar aktivt blant konfirmantar.

— Eg kan vidareformidle det veljarar under 30 år er opptekne av. Men viktigast av alt er å spreie evangeliet, legg Nesheim til.

— Men vi må leve det, også, ikkje berre snakke om det, supplerer Kirkebø.

— På det punktet er vi heilt einige.

T-skjorte på bussen

Begge bur i Bergen, den mest folkerike kommunen i Bjørgvin. Bergen har likevel ikkje hatt ein einaste representant i bispedø­merå­det sidan 1998. No hå­par Kirkebø at bergensarane grip sjansen.

Potensialet er nemleg stort i haust. Før hadde kvart sokneråd - stort eller lite - éi stemme. I direktevalet er det «eit medlem, ei stemme» som gjeld. Men så langt er det blitt lite stemmefiske på dei to. Utover kontakt med lokale medier har Kirkebø få planar om aktiv valkamp.

— Det er ikkje kultur for å drive valkamp til slike verv, seier han.

Men Nesheim gjorde nyleg eit forsøk. Han tok på seg ei turkis T-skjorte med innskrifta «Hvilken kirke vil du ha?», og sette seg på bussen i Bergen.

— Eg fekk ein del reaksjonar på T-skjorta. Nokre viste forakt.

Laber bris

Både Kirkebø og Nesheim opplever at interessa for kyrkjevalet er heller laber, og at forskjellane mellom kandidatane i liten grad kjem fram.

— Eg hadde heller ikkje forventa noko anna. Men klarar vi å doble valdeltakinga, er det eit skritt i riktig retning. Rom vart ikkje bygd på ein dag, seier Kirkebø.

Tove Norheim (59) frå Nesttun har heller ikkje peiling på kven Kirkebø eller Nesheim er. Men ho har fått valkortet i posten, når ho tenkjer seg om.

— Skal du stemme?

— Vi får sjå på det. Eg får gå heim og lese, svarar Norheim.