Utstillinga heiter "De ufullendte", og er eit samarbeid mellom tekstilkunstnar Kari Steihaug og elevar ved Salhus skule. Kort fortalt leitar Kari Steihaug etter dei ufullendte strikketøya, og ho samlar inn forteljingane om kvifor blei aldri strikketøyet ferdig.

Har du eit? Vil du gi det til utstillinga vår? Men då må me også få forteljinga di? Kvifor blei du aldri ferdig?

Skriv gjerne ned, eller sei det til oss?

Kva skulle du strikka?

Kvifor blei du ikkje ferdig?

Kva skulle det bli?

Kven strikka du til?

Var det noko spesielt med garn, oppskrifta? Anna?

Kor har du oppbevart dette nå?

Kvifor kasta du det ikkje?

Har du hatt planar for dette?

Alle små forteljingar om kvifor du ikkje blei ferdig er av INTERESSE.

Ta dei med til museet. Du kan også ta dei med på Marknadsdagane i Salhus 23. og 24. august kl. 11-17.

Les meir om marknadsdagane her.

"Ufullendte sokker".
Kari Steihaug