Det er dei rekonstruerte datafilene frå kartmaskinene på brua som gir eit bilete av korleis «Rocknes» segla, heilt frå avgangen på Eikefet og fram til båten gjekk rundt i Vatlestraumen. Kvart 20. sekund vart posisjonen registrert ved hjelp av det satelittbaserte navigasjonssystemet GPS.

Det er forsikringssselskapa Gard og Norwegian Hull Club som har betalt for dataanalysane, utført av spesialistar hos Kongsvinger-firmaet Ibas AS. Forsikringsselskapa har hittil ikkje ønskt å offentleggjere resultata, som vart overlevert for eit par veker sidan.

Ikkje feil på lyktene

Granskingsrapporten som vart lagt fram av Sjøfartsdirektoratet i går tok berre for seg korleis «Rocknes» var konstruert og lasta — sjølve seglasen låg utanfor mandatet.

Men BT får stadfesta frå sentralt plasserte kjelder som kjenner Ibas-analysane at «Rocknes» ikkje kan ha gått slik båten skulle dersom han skulle følgd oppmerkinga med fyrlykter og lys gjennom Vatlestraumen.

Tvert imot viser dokumentasjonen at «Rocknes» var utanfor det som var kvit sektor, trygt farvatn, før det small. Forsikringsselskapa har granska innstillingane av lyktene og lysa i Vatlestraumen, for å sjå om dei fungerte og var justert som dei skulle. Det skal ikkje vere funne feil av betydning.

Forsikringsselskapa har også i detalj kartlagt sjøbotnen i Vatlestraumen på nytt, ved hjelp av selskapet GeoConsult. BT har fått utlevert kopiar av det nye kartet. Det viser ikkje vesentlege avvik frå dei kartleggingane Sjøkartverket har gjort tidlegare.

Kritikk frå Jebsen

Losen som overlevde ulykka, sa under sjøforklaringa at han meinte kapteinen hadde halde båten i det som etter sjøkart og oppmerking skulle vere trygt farvatn. Han sa at alt verka normalt heilt fram han kjende to rykk i båten, truleg på grunn av grunnstøytinga.

Både reiarlaget Jebsen og Norsk Losforbund har heilt sidan ulykka sett store spørsmålsteikn ved om Vatlestraumen var godt nok kartlagt og oppmerka. I ei pressemelding i går kritiserte reiar Atle Jebsen skarpt at granskingsgruppa frå Sjøfartsdirektoratet ikkje har hatt mandat til å granske desse aspekta, og ber nærings- og fiskeriministeren sørgje for ei breiare gransking.

Sjøfartsdirektør Rune Teisrud bad allereie i vår om pengar til dette, men Nærings- og handelsdepartementet ville berre løyve pengar til å granske stabiliteten og konstruksjonen av båten.

Skeivt og for tungt

Rapporten som vart lagt fram i går konkluderer med at «Rocknes» var feil lasta, og at det var dette som førte til at båten kantra så fort. Regelverket vart brote på to punkt, meiner granskarane:

— Lasta vart ikkje jamna ut i lasteromma før avgang. Transportbandet som vart brukt under lasting ved Eikefet var for kort, slik at det oppstod tomrom på styrbord side i lasteromma. Då båten fekk slagside, begynte lasta å rase og forsterka krenginga.

— Båten hadde for høgt tyngdepunkt. Det var lasta fleire hundre tonn stein for mykje, sett i forhold til ballastmengda i tankane. Krava til stabilitet ved ein skade i skroget var difor ikkje oppfylt, noko korrekt bruk av lastekalkulatoren ville vist.

Ros frå forsikringsselskapet

Dersom båten hadde vore korrekt lasta, meiner granskingsgruppa det ikkje er sikkert at båten ville havarert. Dei meiner det i alle fall ville tatt lengre tid før båten gjekk rundt, med meir tid for mannskapet til å kome seg i livbåtane.

Medan Jebsen i går var sterkt kritisk til arbeidet og konklusjonane til arbeidsgruppa, fekk dei ros frå forsikringsselskapet Nowegian Hull Club.

— Vi tykkjer dei har gjort eit grundig og godt arbeid. Denne tragiske hendinga fortjente ein slik rapport, og eg er ikkje i tvil om at dette på lang sikt vil betre tryggleiken til sjøs, seier havaridirektør Jostein Egeland i Norwegian Hull Club.

STERKT LESESTOFF: Sjøfartsdirektør Rune Teisrud fekk i går overlevert rapporten om stabiliteten og konstruksjonen av«Rocknes». Han har tidlegare bedt om pengar for å granske sjølve seglasen, men dette vart avslått av Nærings- og handelsdepartementet.
18 OMKOM: Lasteskipet MS «Rocknes» grunnstøytte og kantra i Vatlestraumen måndag 19. januar i år. 18 av mannskapet på 30 omkom. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ