Strekninga frå Fusa til Strandvik er rundt 10 kilometer.

— Då prosjektet først vart vedteke i år 2000, tenkte ein berre å utbetra vegen litt, seier ordførar Hans Vindenes (Sp).

Sidan har det balla på seg. Arbeidet med vegstrekninga Fusa-Strandvik har kosta over tre gongar meir enn planlagt. Kostnadene vart først rekna til 18 millionar kroner. No har dei stige til 70 millionar.

  • Det er fordi Vegvesenet har kome inn og stilt krav til skikkelege avkøyringar, gang- og sykkelveg og liknande, seier Vindenes.

Framleis manglar 15 millionar for å fullføre dei siste 2,3 kilometerane. Desse pengane håpar kommunen å få frå Fylkeskommunen i 2014.

Omfattande tidsbruk

I går skreiv BT om vegprosjekt som kan ta si tid. I Fjell kommune har ein halvanna kilometer lang vegstubbe tatt halvanna år å utbetre.

Også på Strandkaien i Bergen vil utbetringa ta minst 18 månader. Strekninga det er snakk om er på rundt 200 meter.

I Fusa er fylkesvegen somme stader svært smal. Mengder av stein har hopa seg opp i vegkanten. Ikkje alle fusingar er nøgde med å venta på betring.

  • Framdrifta er veldig dårleg. Om dei hadde lagt heile prosjektet ut på anbod i 2000, ville det blitt mykje billigare, seier Magne Djuvik. Han representerer Frp i kommunestyret.
  • Eg køyrer sjølv gjennom det uferdige vegpartiet kvar dag. Det er tragisk at det skal bli ståande slik. Når du først byrjar, skapar du forventingar om at det skal bli ferdig, seier Djuvik.

- Verd å vente på

Leiaren i Hordaland fylke sitt samferdsleutval meiner mange vegprosjekt tar «ufatteleg lang tid».

  • Vi høyrer stadig vekk om prosjekt som blir halvferdige, tar lengre tid, blir dyrare og difor må gå i etappar. Stadig vekk, seier Gustav Bahus (Frp).

Ordførar Vindenes meiner det har vore heilt nødvendig å byggje slik.

  • Vi kunne ikkje fått det til på nokon annan måte. Vegen er finansiert gjennom hjelpemidlar frå Frank Mohn Fusa og Fusa Kraftlag. Det ville aldri gått å vente på løyvingar frå Fylkeskommunen, seier Hans Vindenes.

Må betale tilbake

Gruppeleiar for Ap si fylkestingsgruppe, Gisle Handeland, meiner bidrag frå næringslivet kortar ned ventetida.

  • Hadde det ikkje vore for desse bidraga, ville det sannsynlegvis tatt endå lenger tid før det kom ny veg. Alle ønskjer at ein skal kunna arbeida så fort som mogleg, men vi har ikkje uendeleg med pengar, seier han.

Handeland meiner likevel finansieringsmetoden fører med seg nokre problem.

  • I neste omgang blir det vi har av offentlege midlar sterkt bunde opp, fordi det offentlege må betale tilbake desse forskota til næringslivet.

Har du opplevd noe lignende?