Aker Stord, Aker Elektro, Leirvik MT, Søral og Wärtsilä er lokomotiva blant i alt 150 industribedrifter som i 2007 omsette for over 21 milliardar kroner.

Ei av ti kroner omsett industrielt på Vestlandet stammar frå industribedrifter i Sunnhordland.

— Regionen har lange tradisjonar for næringsverksemd innan offshore, fiskeri og maritim aktivitet. Men omfanget og verdien av dette har aldri blitt visualisert og kommunisert på ein brei, strukturert, oversiktleg og målretta måte, seier Nelson Rojas, som er prosjektleiar i Atheno AS, industrinettverket for Sunnhordland.

— Vi har laga denne statusrapporten for å visa blant andre stortingsrepresentantar, verkemiddelapparatet og sunnhordlendingane sjølve kva Sunnhordland betyr industrielt. Vi vil visa at her er det råd å gjera karriere og til å nytta og utvikla kompetanse, seier Sylvi Røssland Sørfonn, dagleg leiar i Atheno.

Ho legg til at finanskrisa ikkje har gjort sunnhordlandske bedrifter meir defensive. Tvert imot er det vilje til å sjå nye moglegheiter, parallelt med ei aukande interesse for å starta nye verksemder.

Ove A. Olderkjær