Etter lange internasjonale forhandlingar blei det for tre år sidan sett av 42 milliardar kroner til erstatningsoppgjeret mellom den tyske staten, tysk næringsliv og tidlegare slavearbeidarar. Den tyske staten har tatt halvparten av kostnadene, resten betaler næringslivet. Mellom dei tyske bedriftene som gjekk med på å betale for gamle synder er kjempekonsern som BMW, Volkswagen, Siemens og Bayer.

— I alt 1346 nordmenn har søkt. Dei 300 sakene som så langt ikkje er avgjort, er i dei fleste tilfelle søknader frå etterkommarar av nordmenn som døydde i tysk krigsfangeskap. Erstatningar til arvingar vil truleg komme neste år, opplyser prosjektsekretær Grethe Frydenlund.

Avtalen, der Høyanger-mannen Magne Hansen er ein av 1046 nordmenn som har fått erstatning gjennom, gjev oppreisning til fire hovudgrupper. I tillegg til dei som blei sett til å gjere slavearbeid, gjeld ordninga også dei som blei deporterte til tvangsarbeid, personar som blei fråteken fast eigedom på grunn av rase og dei som fekk mein av medisinske forsøk. Storleiken på erstatningsoppgjeret er mellom 20.000 og 60.000 kroner.

Avtalen er meint å vere slutten for erstatningsplikta til Tyskland etter andre verdskrigen. Søknadsfristen gjekk ut 31. desember 2001.

— Frå heile verda har det i alt komme inn over 330.000 søknader. Det er eit veldig stort arbeid som har blitt gjort. Målet er at erstatningsrunden skal vere avslutta innan utgangen av 2004, seier Frydenlund.

78 prosent av dei norske søkjarane har fått innvilga erstatning. Ingen andre land kan skilte med så høg prosentsats.

— Ein viktig grunn til dette er dokumentasjonsarbeidet som er gjort her i landet etter at krigen var slutt. Ikkje minst av Kristian Ottosen, meiner Frydenlund.