Sjølv seier Bystøl til Bergens Tidende at han vil ha minst mogleg omtale av skadeproblema. Men han fortel at han går til behandling.

— Det kan godt hende eg treng tid for å kome tilbake i toppen. Eg har ikkje sett meg konkrete mål for sesongen, men har tru på at eg skal kome tilbake i skikkeleg god form, seier Bystøl.

— Eg kom i gang på snø måndag, då eg hoppa ti hopp, seier han.

Olympiameisteren frå Torino skulle også hoppe i Lysgårdsbakkane i går, slik at han har to skidagar bak seg før han reiser til Vikersund med Kollenhopp for å teste den nye bakken der i helga.

Flytta til Lillehammer

— Eg vil ikkje kommentere noko med omsyn til skaden. Eg ser fram til sesongstart 29. og 30. november i Vikersund, seier han.

Midt i juli flytta han frå Trondheim til Lillehammer, der han også budde då han gjekk på vidaregåande skule.

Etter at han vann ein gull- og to bronsemedaljar under OL i Torino i 2006, var 2007-sesongen eit stort tilbakesteg. Først mot slutten av sist vinter byrja han å stige mot verdstoppen igjen. Ein sjuandeplass i Kuopio og ein niandeplass på Lillehammer var dei beste resultata i verdscupen.

— Eg nådde måla mine sist sesong, seier han.

Oppklarande prat

Sportssjef i hopp Clas Brede Bråthen seier han er usikker på kva form Bystøl er i, ei veke før sesongstart. Men han utelukkar ikkje at han blir å finne i verdscupen også denne sesongen.

Sportssjefen avviser påstanden om at han tidlegare i haust sådde tvil i media om kor vidt Bystøl kunne kome tilbake i verdstoppen.

— Det eg sa var at skihopping er vanskeleg å spå. Det er viktig at han får på plass dei fysiske problema i hofta. Viss det fell på plass, veit vi at han har kjempepotensial, seier Bråten.

Bystøl seier at han og Bråten har hatt ein oppklarande prat.

— Vi er samde, vi. Heldigvis er det slik i Noreg at den som hoppar best også får sjansen internasjonalt, seier Eldar-hopparen.

Får eksperthjelp

Bråten seier han ikkje har grunnlag for å vurdere den fysiske forma til Bystøl.

— Han har ikkje vore mykje med på dei arenaene vi har kontroll på, og vi har difor ikkje hatt sjansen til å følgje han tett opp. Men vi er kjent med at denne skaden er noko Lars har slite med lenge. Først i sommar har det gjort seg utslag i at han ikkje kunne kome ned i posisjon. Ein ekspert på Lillehammer hjelper han no slik at han kan hoppe, seier Bråten.

— Er det så lett at du berre kan hoppe fem dagar på snø og vere med i toppen når sesongen startar?

— Alt heng saman med alt. Så sjølvsagt er det fysiske grunnlaget viktig. Det er mogleg å skaffe seg eit godt fysisk grunnlag utan at han har hoppa på ski, seier Bråten.

Han gjer det klart at Bystøl ikkje deltek i verdscupopninga i Kuusamo neste helg.

— Det som skjer under noregscuprennet i Vikersund vil avgjere kva som skjer vidare. Alle dei beste blir med der bortsett frå dei som er i Finland.

TRØBLETE OPPKØYRING: Lars Bystøl var på gang mot slutten av sist sesong med topp-ti-plasseringar i verdscupen, men har opplevd eit nytt tilbakeslag med skade i sesongoppkøyringa. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ