Be henne late som om ho er medvitslaus. Følg så med på om vesten greier å snu toåringen over på ryggen, utan at ho sjølv lear på ein finger.Høyrest dette gjennomførbart ut? Kanskje ikkje det, nei. Men slik er regelverket for utprøving og godkjenning av redningsutstyr for barn utforma. — Prosedyren lar seg rett og slett ikkje utføre. Det innrømmer også produsentane. Det som blir gjort, er at dei lagar miniversjonar av vestar for vaksne. Dersom vaksen-versjonen blir godkjent, går også barnemodellen igjennom, seier Arvid Påsche, som meiner dei nye testane viser at dette er ikkje er godt nok.