I ei pressemelding som bustyret sende ut seint i ettermiddag skriv bustyrer at all ordinær drift ved Fundo blir avslutta innan 12. februar.

Det har ikkje lukkast å få nye kjøparar, og det har heller ikkje vore råd å få til vidare drift i ein ny mellombels driftsperiode. Ingen av bilprodusentane som har vore Fundos største kundar, Volvo og Audi, har vore villige til å påta seg risikoen for vidare drift.

Kring 250 var tilsette ved Fundo då konkursen blei opna 12. februar. Nærare 500 arbeidsplassar kan gå tapt i Høyanger og nabokommunane som følgje av konkursen.

ODDLEIV APNESETH