Nyttårsafta kryssar Flaggruten havstykket Sletta for siste gong. Nabofylka Hordaland og Rogaland fekk ikkje til å samordna snøggbåtanboda sine slik at Norled kan halda fram med Flaggruten mellom Bergen og Stavanger. Den siste bøygen er at ruteoperatøren tilbyr ein altfor liten båt til å passera Sletta, den vêrharde distansen forbi Ryvarden fyr som også markerer fylkesgrensa.

— Slik situasjonen er no, så blir Flaggruten avslutta ved nyttår, seier Norled-sjef Ivan Fossan.

— Vi har snudd alle steinar og gjort det vi kan innanfor dei kontraktane og rammene som finst, seier Oddmund Sylta, direktør i Skyss.

Tradisjon sidan 1828

1.januar er dermed ein rutebåttradisjon tilbake til 1828 og dei første dampskipa broten. Protestane frå reisande og ordførarar langs leia uteblei ikkje då Norled for ein månad sidan kunngjorde vedtaket om å leggja ned Flaggruten frå 2014. Norled-direktøren oppgav endra kontraktsgrunnlag som bakgrunn for vedtaket, og etterlyste eit felles anbod på ruta frå dei to fylkeskommunane.

Hordalands fylkesordførar Tom-Christer Nilsen tok straks initiativ til å møta kollega Janne Johnsen i Rogaland for å drøfta ei mogeleg løysing for å oppretthalda snøggbåtdrifta på tvers av fylkesgrensa.

Fylkesordførarane bad dei to fylka sine kollektivtransportselskap - Skyss i Hordaland og Kolumbus i Rogaland - om å drøfta med Norled om det var råd å finna ei løysing innanfor dei kontraktane Norled er tildelt på strekningane Sunnhordland-Bergen og Haugesund-Stavanger.

For liten båt

Av eit notat frå fylkesrådmannen i Hordaland til Vestlandsrådet, fylkesutvalet og samferdsleutvalet går det fram at det teknisk let seg gjennomføra ved at Norled vidarefører ruteturar Stavanger-Haugesund til Leirvik, med korrespondanse til og frå Bergen.

Hemskoen er at Norled har lagt opp til å gå Haugesund-Stavanger-ruta med ein båt som tek 147 passasjerar.

— Dette gjev ein fartøystorleik som ikkje er eigna for Sletta i dårleg vêr, skriv fylkesrådmannen.

Norled disponerer berre eitt fartøy som er eigna til å kryssa Sletta, argumenterer han, men den båten er bunden opp i eit forlengst fastlagt ruteopplegg for Sunnhordland og mellom Bergen og Sunnhordland.

— Dersom Kolumbus må endra passasjerkapasiteten for å få større fartøy som er meir sjødyktig i høve til Sletta, må det påreknast kostnader ut over den reine meirproduksjonen, uttalar fylkesrådmannen før han konkluderer med å avslutta saka.