Vi sit i stova til Tordis og Ragnar Hareide. Ved vindauget står yngstesonen, litt rastlaus, på snartur heim frå hovudstaden. Han byr på kaffi og sveler med aprikossyltetøy.

Det er påskestilt i Arnevegsfeltet, eit typisk grannelag frå 1960-talet. Laurdag vert guten i glaset ny leiar i Kristelig Folkeparti. Forventingane er enorme, utfordringa har bibelsk dimensjon. Frelsarmetaforen ligg snublande nær.

Sjølv trur han ikkje på nokon umiddelbar Knut Arild-effekt.

Mønstersonen

— På meg kom det litt brått, sjølv om tanken på leiarvervet i KrF ikkje har vore framand for meg. Eg hadde håpa at Dagfinn Høybråten ville sitte nokre år til, difor trengte eg lang tid før eg sa ja, seier han.

Men no går det ingen veg attende. Biletet vi har av Knut Arild Hareide er ikkje falskt. Han er den sonen mange foreldre vil ha; skuleflink og speidar, aktiv i alle lag, sporty og kristen, positiv og smilande, BT-bud og bedehusgangar.

— Eg kokte potetene, for eg kom først heim. Eg var ikkje ein som høyrde på musikk på rommet, eller såg film. Det er ikkje mine greier, ropar han frå kjøkenet der kaffien no er klar.

- Kven var du mest saman med?

—  Det var ingen gutar på min alder her i byggefeltet, så eg leika med fire jenter. Vi gjekk saman til og frå skulen. Ingvild heitte ei av jentene, ho hadde ein katt som ville vere med oss. Då tok det gjerne ein time før vi kom fram.

Brødreheimen

—  Mamma kjøpte tomta her då far var til sjøs, seier han, og ser mot leia der kysttrafikken langs Vestlandet går.

- Ho var spent på kva han sa då han kom heim.

Som mange andre bømlingar seilte Ragnar Hareide i handelsflåten, han var offiser hos Wilhelmsens rederi. Han var ikkje ofte heime, men nytta tida godt. Fem soner kom på rad, med Knut Arild var det slutt, i 1972. Sidan gjekk han i land, og tok jobb på motorfabrikken, den andre store sysselsettaren i denne kystkommunen ved havet.

—  Du sa det var ein kristen heim, var det og ein KrF-heim?

—  Ikkje berre, far sat i heradstyret for Senterpartiet, mor sat der for KrF, ein periode sat dei samstundes. Då spørsmålet om å flytta ungdomskulen til Bremnes kom opp, skulle ein av dei ofra seg, for å passe meg heime.

—  Gå begge to, sa eg, den saka må vi vinne. Og det gjorde vi, skulen vart ikkje flytta.

— Og i dag, trur du alle heime røyster på deg og KrF?

— Det trur eg ikkje.

Omsorgsamfunnet

I desse dagar er det ti år sidan kong Harald opna Trekantsambandet i Sunnhordland, anlegget som knytte Bømlo til fastlandet og Stord. Då starta ei ny tid, på godt og vondt for denne øykommunen.

—  Før den tid låste vi ikkje døra heime.

I dag er Knut Arild nøye med nøkkelen før vi forlet «Hareidtun» og tek ein rundtur i barndomsriket.

Sjølv ikkje på bedehuset kan ein kjenne seg trygg:

«Det skal ikkje oppbevarast verdifulle gjenstandar på bedehuset pga fare for innbrot», står det på ein lapp, straks du er innafor døra.

Her, i det spissgavla bedehuset på ei høgd over bygda, hadde den nye KrF-leiaren sine ungdomsår. Her gjekk han på møte, her talte han til dei andre ungdommane. Her song han.

— Du var vel med i TenSing?

- Ja, det var eg, og i skulekorpset. Eg spelte trompet.

- Det var i det heile eit aktivt og inkluderande organisasjonsliv på Bømlo.

Knut Arild var med på det meste, når han ikkje gjekk med avisa, jobba på posten, sprang orientering eller spelte fotball.

Nesten-presten

Med mest berre seks’arar frå vidaregåande, fekk han tidleg bilete i lokalavisa. Men ikkje berre difor. 19 år gamal kom han inn i kommunestyret, som første og einaste ungdomspolitikar. Slikt gav og presseomtale.

— Dei kalla meg berre grindaguten, minnest han.

—  Då hadde du flytta til Bergen?

- Ja, eg kom inn på både medisin- og siviløkonomstudiet, eg valde Handelshøyskolen. Så pendla eg heim til kommunestyremøta.

Prest var ikkje eit aktuelt yrke den gongen, men han var nær.

- Eg hamna mellom fallskjermjegarane på Trandum leir i militæret. Her gjorde eg teneste som presteassistent, eg vart korporal.

Ein gong tok eg på meg presten si jakke i vanvare, då helsa alle stramt på meg. Det var kjekt.

Men det var næringslivet som gav han jobb og inntekt, ikkje åndslivet. Skjønt Schibsted-konsernet ligg kanskje i grenselandet.

Det er i dette selskapet han har all si røynsle frå arbeidslivet, før han vart stortingsmann i 2009, og no vert partileiar på full tid – og vel så det.

Underhaldaren

Veka før påske dukka Knut Arild Hareide opp på TV 2 i ei ny rolle. Det var ikkje forkynnaren eller politikaren, men underhaldaren som sto fram i «Torsdag Kveld fra Nydalen». Ikkje alle lo.

—  Mamma såg dette programmet for første gong, ho vert ingen fast sjåar, det kan eg slå fast.

— Kvifor stilte du opp?

— Kristin Halvorsen og Siv Jensen hadde vore der, og sjølv har eg eit ope sinn for å stille opp på slikt. Vi drøfta det sjølvsagt i partiet, og vi tenkte at i aldersgruppa 18 til 30 år har vi eit visst grep. Då kan det vera lurt å syne seg for denne gruppa, og ikkje berre for dei eldre.

— Show vert berre ein liten del av jobben, legg han til, etter ei stund.

Kan Knut Arild Hareide redde KrF? Sei di mening her!

70-TALSKAMERATANE: Hareide-barna hos fotografen ein gong på 1970-talet.
TOR HØVIK