• Vi håpar at media vil bruke desse bilda, og at dei vil hjelpe eventuelle vitner å hugsekjem på at dei kan ha sett ein person som liknar.

Med lensmann Kjell Fonn i spissen gjennomførte politiet mandag ettermiddag ein rekonstruksjon av Anne Slåttens gange fram mot plassen ho vart drepen ved Angedalsvegen. Ein lyshåra, kvinnleg politibetjent hadde iført seg tilsvarande klede som dei Slåtten gjekk med, og med eit samla pressekorps framfor seg vandra ho nedover det same fortauet som drapsofferet.

— Vi veit sjølvsagt ikkje om dette vil hjelpe, men det kan ikkje skade å prøve eit slikt tiltak, seier lensmann Fonn.

Det var politibetjent Linda Åmelfot som tok på seg rolla som Anne Slåtten, iført liknande klede.

— Kleda er ikkje heilt identiske, for det er ikkje dei kleda som Anne Slåtten hadde på seg. Det er jo litt vemodig å gå her, men eg håpar det kan bidra til at saka blir oppklara, sa Åmelfot etter den spesielle vandringa langs Angedalsvegen.

<b>DREPT:</b> Sjukepleiarstudent Anne Slåtten vart funnen drept måndag 7. juni.
Privat