— Eg har sakna dykk, sa eg til dei. Det var fint - dei var glade for at eg hadde kome tilbake, seier Simon Fkadu på telefon frå Florø kyrkje onsdag ettermiddag.

Han har akkurat møtt dei gamle klassekameratane frå Torvmyrane skule igjen - nesten tre månader etter at han måtte seia farvel for å bli sendt ut av landet.

Den såkalla Simon-saka har vekt sterkt engasjement i Florø i haust. Etter halvtanna år i kommunen, blei Simon og faren Fkadu Thaye sende til Italia, som var det første europeiske landet dei kom til etter at dei flykta frå Eritrea.

- Tilbake for å redda livet

I den italienske byen Bari har far og son levd under open himmel i ein park, samt delvis på ein jernbanestasjon, fortel faren Fkadu Thaye (29). Prostituerte og kriminelle skal ha vanka i parken. Pengar til mat fekk den vesle familien frå støttegruppa i Florø.

— Han spurte kvar dag om han kunne få reisa tilbake til Florø og byrja på skulen att. For meg er det ikkje noko problem å bu på gata, men slik er det ikkje for sonen min. Kvar dag var han ikkje trygg. Det var inga framtid for Simon der, og eg måtte komma tilbake til Florø for å redda livet hans, seier faren.

- Aldri søkt asyl i Italia

Norske styresmakter grunngjev utvisinga med Dublin-avtalen, som seier at det er landet ein først søkjer asyl i som skal ta seg av flyktningane. Fkadu Thaye meiner han aldri har søkt asyl i Italia, og håpar UDI og Utlendingsnemnda vil gjera om på vedtaket om utvising.

— Me vil be dei vurdera saka igjen, fordi Simon er blitt godt integrert her i Florø. Det er vanskeleg å bli integrert igjen i Italia utan hus og utan skule, seier Kåre Leif Hollevik.

Han leiar støttegruppa for Simon og faren i Florø. Hollevik blei gjort merksam på faren sine reiseplanar for ei veke sidan, og vil no jobba for at niåringen kan byrja på skulen att.

— Me vil umiddelbart ta kontakt med skulen, og høyra om det mogleg for Simon å byrja der han slapp. Me oppfattar det slik at kyrkjeasylantar har rett til opplæring, og håpar han kan byrja allereie på fredag, seier han.

Leiinga ved Torvmyrane skule ønskjer Simon velkomen.

  • Han er hjarteleg velkomen til å byrja igjen når han er klar for det, seier inspektør Øyvind Østrem.

I dag vil støttegruppa aksjonera framfor Stortinget i Oslo.

- Sterkt å vera der

Nestleiar Ann Kristin Takle Winterthun i Kinn sokneråd var til stades i kyrkja då Simon og faren kom fram.

— Det var veldig sterkt å vera der. Dei er veldig slitne, begge to, seier Takle Winterthun.

Ho fortel at soknerådet vil møtast så snart som mogleg og drøfta saka.

— Eg veit lite om kva som vil skje på møtet. Men eg ser det slik at kyrkja skal verna om skaparverket, og ta vare på dei som er i naud. Det føler eg me har gjort no.