Fredag skal Statsbygg i møte med Universitetet I Bergen om saka.

— Ved Universitetet er dei utålmodige. Vår jobb blir å setja oss inn i saka og laga eit grunnlag for vidare drøftingar om eventuell løyving til prosjektet. Først om vel eit år kan det i tilfelle bli snakk om at det vert sett av pengar, seier avdelingsdirektør Lars Kristian Hoberg i Statsbygg til bt.no.

Det er no to år sidan rektor Sigmund Grønmo ved UIB presenterte onsket sitt om ei stor og omfattande overhaling av Naturhistorisk museum, den staselege bygningen frå 1866 som tronar på Museplassen. Grønmo vil gjerne gjera bygget til eit representasjonsbygg for byen såvel som universitetet.

I tilfelle er det snakk om ei stor og omfattande istandsetting av bygget som i dag er prega av slitasje. Bygningen vart reist for Bergens Museum, forløparen til Universitet i Bergen.

Universitetet i Oslo har fått 600 millionar kroner av staten til oppussing av aulaen. Her i Bergen meiner dei at Naturhistorisk museum stiller i same klasse.

Les BTs leder om saken: «Bergen trenger ikke nye festsaler»

Kva meiner du om planane? Diskuter saka i kommentarfeltet.

SLIK KAN DET BLI: Grønmo vil gjerne gjera bygget til eit representasjonsbygg for byen såvel som universitetet. Bjerk og Bjørge AS Arkitekter (Tegning)