Sitjande ordførar Liv Kari Eskeland (H) gjorde eit svært godt val og partiet aukar representasjonen i kommunestyret frå seks til ni medlemmer, men er framleis avhenging av koalisjon mot midten — Sp, KrF og Venstre. Den samme sentrumsblokka kan føra Harry Herstad og Arbeidarpartiet i ordførarposisjon.

Senterpartiets gruppeleiar Jakob Bjelland seier at Sp, Venstre og KrF vil opptre som ei samla blokk i forhandlingane som startar etter lunsj i dag, og at dei er opne for samtalar med både Høgre og Arbeidarpartiet.

Ap og Harry Herstad gjorde eit langt betre val enn for fire år sidan, og er Stord kommunestyre si største gruppering med 10 mandat inne - to fleire enn perioden som no er slutt.

Innføring av eigedomsskatt i Robek-oppførte Stord kommune blir eit forhandlingstema i dag. Blant kommunepartia er Høgre, Frp og Demokratene sterke motstandarar av eigedomsskatt, SV er for, Ap og Sp har opna for at han kan koma. Sp-leiar Jakob Bjelland trur likevel ikkje at eigedomsskatt blir eit avgjerande spørsmål i ettermiddagens forhandlingar. Posisjonane må i så måte også klarerast internt blant sentrumskameratane.

Noverande stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) støtta seg til sentrumspartia i Stord kommunestyre så seint som ved valet i 2003, då han blei Stord-ordførar for fjerde periode på rad. Etter valet i går er Sp, V og KrF inne med åtte mandat, to færre enn etter valet i 2007. Saman med Ap vil det gje fleirtal blant kommunestyrets i alt 35 medlemmer. SV låg i går an til å gå tilbake frå tre til to mandat.Jakob Bjelland reknar med at ordførarspørsmålet i Stord blir avklart i dag.

LEVER I HÅPET: Harry Herstad.