HELGE SUNDE (FOTO)

Fylkesrådmannens forslag om å bygge ein ny storskule i Bergen sentrum vil i realiteten bety slutten for både Tanks og Bergen Handelsymnasium (BHG).

Gammal, men god

Etter at tre av elevane hadde presentert skulen sin for representantane frå fylkespolitikken i går, var i alle fall ikkje fylkesvaraordførar klar til å proklamere dødsdommen over BHG:

— Som gruppeleiar i Høgre trur eg ikkje at nedlegging og sentralisering er det mest realistiske og ønskeleg for Handelsgym, seier Nilsen.

Han trur at mange i det politiske miljøet delar denne oppfatninga. Dermed kan den meir enn hundre år gamle skulen få eit vidare liv i Kalfaret, og det er den eldste delen frå 1904 som skal bestå.

Dette trass i dei openberre manglane den gamle skulebygningen har i høve elementære krav til eit moderne skulebygg: Uilgjengeleg for funksjonshemma, branntryggleik, manglande grupperom og lærarfasalitetar, luftkvaltet, trange fellesarea for å nemne noko.

- Kan moderniserast

Alt dette fekk politikardelegasjonen sjå på nært hald på si ferd gjennom krinkar og krokar. Nettopp her ligg også fordelen til ein skule som Handelsgym: Intimiteten, særpreget og det gode elevmiljøet. Moderne skule i eit gammalt bygg.

Alt dette fekk dei tre elevane Eivind Nævdal-Bolstad, Hanna Torsdotter Husabø og Peter Christian Frølich godt fram under sin persentasjon.

— Det er noe spesielt her som er vel verd å ta vare på. Hadde dette vore ei vanleg, kasseforma sak som heitte City Skole, ville det ikkje vore så farleg. Vi meiner det er fullt mogeleg bruke gamlebygget som utgangspunkt for ein skule som stettar moderne krav, seier Frølich.

Tidleg på bana

— Vi vil vere tidleg på bana og gje politikarane beskjed om kvar vi står. Vi er imot ei samanslåing av sentrumskulane, men elevane er positive til eit utvida samarbeid med dei andre, seier Eivind Nævdal-Bolstad.

Og sjarmoffensiven gjorde inntrykk, blant andre på Senterpartiets Anbjørg Hjellestad:

— Det er i alle fall imponerande å sjå elevar som er så glade i skulen sin, kvitterte ho.

Også fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen var imponert.

— Det er befriande å kome til ein skule som har sjel og identitet. Bergen Handelsgymnasium er ein institusjon som er kjent langt utanfor bygrensene, saman med Katedraskolen og Tanks.

Nilsen er ikkje like optimistisk med tanke på eit vidare liv for Tanks.

— Tanks må nok flytte, og eg meiner at den må ligge i tilknyting til det nye vitensenetert, seier Høgre-gruppeleiaren i fylkestinget.