Byrettsdommar Håkon Rastum og den eine meddommaren meiner det er prova at 47-åringen ved minst to tilfelle tok med seg brett med 24 halvlitarar øl frå arbeidsplassen i svarte søppelsekkar, og at Hansa Borg Bryggerier difor hadde grunn til å seie han opp. Mannen er også dømt til å betale 117.790 i sakskostnader for bryggeriet. Mindretalet, den eine meddommaren, meiner mannen vart urettmessig oppsagt. I alt vart ni Hansa-tilsette oppsagt og meldt til politiet for tjuveri frå arbeidsgjevaren i fjor. Åtte av tjuverisakene vart lagt vekk av politiet. Desse åtte gjekk deretter til sak mot Hansa Borg for å få att jobbane sine. To av sakene er enno ikkje avgjort.