— Det var heilt opplagt mykje muffens. Dyra var pakka i tyske kasser, og såg ut til å kome frå Tyskland. Alle papir mangla. Det var heller ikkje desse dyra vi hadde bestilt, sa direktør Kees Oscar Ekeli ved Akvariet i Bergen om den heller spesielle utpakkinga 22. februar 2002.

Dyrehandlar Veccia skulle levere dyra til den store regnskogutstillinga som skulle opnast på Akvariet same dag. Leveringa hadde vorte utsett fleire gonger, og då opningsdagen kom, sat Veccia med krokodiller og øgler i dusjen på lugaren på danskebåten.

På Vestlandet var det vinterstorm, og ferja frå Hanstholm var fleire timar forseinka. Pressa var for lengst kalla inn, og på kort varsel måtte opninga utsetjast i to timar. I staden for den planlagde presentasjonen, måtte kassene opnast med fotografar, journalistar og andre gjester til stades.

«- Han Dino, han Dino»

Ekeli, som den gongen arbeidde som biolog og med utstillingsinformasjon ved Akvariet, skjønte med ein gong at noko ikkje stemte.

— Kassene kom ikkje frå Italia, og det låg ingen attestar ved. Det verka som dyra var noko Veccia hadde kjøpt opp på vegen frå Italia til Bergen. Seinare fekk vi vite at han også hadde prøvd å få tak i eit par krokodiller i Danmark, sa Ekeli i Bergen tingrett i går.

To av krokodillene i kassene - av arten kubakrokodille - tilhøyrer dei mest utryddingstruga artane i verda. Dei to er framleis av attraksjonane som er å sjå i Akvariet i Bergen. Dei har fått dei nødvendige papira, og skal i mai flytte inn i eit nytt rom i kjellaren.

Ifølgje Ekeli skjønte også Stig Sægrov, som den gongen var direktør, at noko var feil.

— Han rista på hovudet og sa: «Han Dino, han Dino», forklarte Ekeli.

Dino var kallenamnet til Modesto Veccia. Ekeli fekk også eit bestemt inntrykk av at dyra ikkje hadde vore innom tollen før dei vart ført fram for pressa.

Hundretusenar i kontantar

Oppgjer til Veccia vart gjort kontant, eller ved hjelp av bankremisser. Meir enn ein halv million kroner vart utbetalt til italienaren i Bergen frå Akvariet for samarbeidet dei hadde.

I ettertid førte hopehavet med den italienske dyrehandlaren til at Akvariet vart kasta ut av den internasjonale organisasjonen for dyrehagar i seks månader.

— Dei likte ikkje at vi hadde handla dyr gjennom andre enn det nettverket dei har sjølve. Det finst mange agentar som opererer i gråsona eller utanfor, sa Ekeli.

Ifølgje nydirektøren var det Sægrov som stod for all kontakt med Veccia. Han meiner saka har vore til stor skade for Akvariet.

— Vi lever av etikk og truverd. Omdømmet vårt vart heilt klart svekka, seier Ekeli til BT. Om forholdet til eksdirektør Sægrov i dag har han ikkje så mykje å seie.

— Vi har eit profesjonelt forhold, og ingenting usnakka. Sægrov har gjort mykje bra for Akvariet, men burde vore mykje meir kritisk til kven han samarbeidde med, seier direktør Kees Oscar Ekeli.

ULOVLEG INNFØRT: Denne kameleonen vart smugla til Noreg for å bli stilt ut på Akvariet. ARKIVFOTO: TOR HØVIK