• Når elevane veit kven dei er og kan forsvare andre, då kan dei stå på eigne bein.

Dette er det sentrale i verdiprosjektet ved Eksingedalen skule. Det handlar om å byggje ein identitet, sikre god sjølvkjensle og hindre at elevane misser fotfeste i eit større miljø. Samstundes handlar det om val, dilemma og konsekvensar.

— Vi veit at elevane frå Eksingedalen klarer seg når dei flyttar ut. Kanskje får vi vite kvifor i arbeid med dette prosjektet, seier rektor Veslemøy Rødland Bergo. Eksingedalen skule er ein av 25 skular som tek dei i verdiprosjektet «Skal - Skal ikke». Mange skular rundt om i landet kan dra nytte av røynslene frå Eksingedalen.

Har det ikkje travelt

37 elevar frå 1. til 10. klasse går på den vesle skulen i dalen. I tillegg er ein barnehage knytta til skulen. Sju lærarar i fem heile årsverk tek hand om borna. Dei som bur i dalen, verner om kulturarven og gamle tradisjonar som folkeviser, salmer og stev. Folk tek gjerne eit tak for andre.

— Her er respekt for borna. Vi ser på dei som om dei kan verte vår sjef i framtida. Då kan vi vaksne trygt møte dei seinare, seier Veslemøy Rødland Bergo. Ho peiker på at born som vert trakka på av ein lærer, aldri gløymer det.

Hentar nye impulsar

Skulen ligg i fremste rekkje med å hente impulsar til fornying. Vaksdal kommune har satsa på skuleutvikling. Eksingedalen skule har arbeid systematisk med vurdering utan karakter. Elevane har fått øve seg i å ta ansvar for eigen læring og å bli kjend med eigen læringsprosess. Professor Dan Olweus sitt program mot mobbing har dei arbeid med. I Danmark har lærarane henta impulsar til fordjuping i ulike intelligensar.

— Vi har lest, grubla, prøvd og vurdert. Arbeidet med prosjektet har vore ufatteleg engasjerande, fortel lærar Bjørn Finne, ein av dei som tok initiativ til prosjektet.

Stør elevane

— Vi legg vekt på å stø elevane, ikkje skjenne på dei, understreker lærar Lars Chr. Seim Halvorsen. Han fortel korleis lærarane har gjort teoriane til sine eigne. Sjølv tok han med notatblokka i ein gymnastikktime og noterte alt elevane sa. Mange bannord vart lese opp etterpå. Elevane vart merksame på eiga framferd, og det førte til at dei over tid endra språk og framferd.

— Vi foreldre har hatt mange fruktbare diskusjonar saman med lærarane. Heile tida har vi vore aktivt med, seier Rune Lavik, medlem i FAU. Han er nøgd med prosjektet og trur det har vore lettare å få til fordi skulen er liten.

Kvar skule har hatt ein eigen mentor i arbeid med prosjektet. Høgskulelektor Astrid Ljones Fjærestad har vore mentor for Eksingedalen skule.