Inger Ramsli frå Kyrkjebø er på Møbelringen Førde Varehus, ein av tre store møbelforretningar i Førde, på jakt etter kjøkkenstolar.

— Eg kunne fått det i Høyanger også, men utvalet er mykje større her, seier ho.

Saman med sonen Lars Kristian meiner ho butikkane gjev eit godt tilbod.

  • Alternativet ville vore Bergen eller Sogndal. Men det er kort veg til Førde, vi brukar ikkje 50 minutt.

Størst i vest

På Statistisk sentralbyrå (SSB) sin årlege oversikt over kor mange kroner kvar innbyggjar i Noreg i gjennomsnitt brukar på varehandel, er det ein kommune som skil seg ut i Hordaland og Sogn og Fjordane: Førde, med eit gjennomsnitt på over 129.000 kronar pr. innbyggjar. Neste kommune på lista er Sogndal, nesten 40.000 kronar bak (sjå tabell).

Bergen kjem på femteplass.

Også på landsbasis er Førde heilt i toppen av lista. Berre Ullensaker (182.163 kronar) og Nord-Aurdal (136.662 kronar) har større omsetning pr. innbyggjar.

  • Ullensaker har Oslo Lufthavn Gardermoen, og har difor eit kunstig høgt tal. Nord-Aurdal er ein hyttekommune i Valdres, fortel Per Gunnar Rasmussen, forskingsleiar ved Institutt for bransjeanalyser og redaktør for Senterboken som kvart år gjev ein gjennomgang av kjøpesentra i Noreg.

Knutepunkt

Det betyr at av kommunar med eit «normalt» handelsmønster toppar Førde lista også på landsbasis.

  • Dette er gledeleg, seier Anders Ole Sunnarvik i Møbelringen. Han meiner årets statistikk viser at handelen blomstrar i Førde. Men potensialet for vidare vekst er der, framleis skjer det handelslekkasje.
  • Vår største konkurrent er Åsane. Du møter mange sunnfjordingar og sogningar på handelshusa der ein laurdag, seier Sunnarvik. Ordførar Nils Gjerland (Sp) peikar på at Førde er eit knutepunkt og ein møteplass for eit stort omland når det gjeld handel.
  • Handelsnæringa er ei stor næring i kommunen, og sysselsett mykje folk. Dessutan tyder det på at vi har ei profesjonell handelsnæring som kjem opp med dei tilboda og tenestene som er etterspurde, forklarar han.

Ifølgje ordføraren er det særleg større varer, for eksempel møblar, som dreg opp gjennomsnittstalet.

  • I Førde finn ein det som krev eit større befolkningsgrunnlag, seier han.

Anders Ole Sunnarvik har utfordringar til politikarane:

  • Noko må gjerast med trafikkreguleringa, rushet om ettermiddagane er like ille som i Bergen. Og så må vi få eit tettare sentrum, ein by må ha eit hjarte.

I 2005 var 40.000 nye kvadratmeter med butikkareal under bygging eller planlegging i Førde. Varehandelsekspertar BT snakka med den gong sa at utbygginga gjekk over stokk og stein.

Per Gunnar Rasmussen sa då at nokon måtte døy som følgje av den enorme utbygginga.

  • Sidan den gong har jo nokon døydd. Ica Maxi har lagt ned, seier han no.

- Har alt

Men han held fram at Førde er eit spesielt område.

  • Detaljhandelen er godt utbygd, og samstundes lite utbygd i kommunane rundt, seier Rasmussen.
  • Frå gammalt av er Førde ein av dei største handelsplassane i Noreg, og har nok trekt mykje omsetnad frå kommunane rundt. Dessutan har Førde både sjukehus og andre funksjonar som gjer at det vert eit naturleg sentrum for omlandet, seier han.

På varehuset har Jarl Devik og sonen David nett betalt for to sengebotnar og ei overmadrass.

  • Førde har alle slags butikkar. Du treng ikkje reise noko plass, meiner han.