EYSTEIN RØSSUM

DAG IDAR TRYGGESTAD

Måndag ettermiddag var det slutt på postordre-eventyret for 61-åringen. Då han kom for å tømme postboksen sin i Bergen sentrum, venta politiet på han.

Dei hadde fått melding frå eit inkassoselskap som hadde merka seg noko spesielt: Ualminneleg mange varer var sendt til ein bestemt postboks i Bergen.

Varene var bestilt i ulike namn, men hadde det til felles at dei aldri vart betalt.

61-åringen vart pågripen, og heime hos mannen fann politiet heile postsekker fylte til randa: Bøker og blad og klede og kosttilskot og filmar og mykje meir.

— Vi har funne alle moglege slags ting som kan bestillast på denne måten, seier politiførstebetjent Rolf Hegland ved Bergen sentrum politistasjon.

Tømde huset i går

— Kvar for seg har varene avgrensa verdi. Men til saman blir det store beløp; berre for varene som er bestilt dei siste par åra kanskje 200.000 kroner, seier Hegland.

No sit politiet med lister på fleire hundre ulike namn som mannen skal ha brukt: Ein del namn er fiktive, ein del tilhøyrer reelle personar.

Heller ikkje sjølve postboksen var registrert på mannen sjølv.

I heile går arbeidde politiet med å tømme huset hans for saker dei trur kan vere ubetalt.

Bergens Tidende er kjent med at den storstilte varebestillinga skal ha tatt til allereie i 1997. Mannen skal ha brukt fleire hundre ulike namn på ordrekupongane opp gjennom åra.

Politiet har mistanke om at folk som aldri har hatt noko med mannen å gjere, har fått betalingsmerknader hos inkassoselskapa, fordi 61-åringen har brukt deira namn.

Både purringar og inkassovarsel har gått til den same postboksen.

Kasta rekningane på Posten

Dei store mengdene pakker som mannen fekk tilsendt gjorde at han vart lagt merke til også på Posten. Vitne skal ha fortalt at 61-åringen hadde for vane å kaste fakturaene som følgde med varene, allereie før han var komen ut døra på posthuset.

Mannen har vore i lange avhøyr etter at han vart tatt, og skal ha vedgått at det er han som har bestilt varene.

I dag ber politiet om at mannen må bli varetektsfengsla, fordi dei fryktar å gå glipp av bevis om han blir sett på frifot.

— Det er fleire forhold vi vil ha avklara. Difor ber vi om fengsling. Meir har eg ikkje lyst til å seie om saka, seier politiadvokat Rudolf Christophersen i Hordaland politidistrikt til BT.

HUSET FULLT: I dette huset fann politiet sekk på sekk med ubetalte varer, bestilt på postordre. I dag vil dei ha 61-åringen som bur der fengsla.<br/>Foto: KNUT STRAND