Sigve Rafdal (67) anar fred og ingen fare, der han sit på kjøkkenet laurdag morgon og et frukost med kona. Utanfor ser dei sonen Svein Jarle (42) parkere bilen i tunet på Holmaseid.

Svein Jarle høyrer rop om hjelp i det han opnar bildøra. Lyden kjem frå fjorden, nokre hundre meter frå huset. Først trur han at det er to kråker han ser på nede på isen. Så forstår han at det er to hender som klamrar seg desperat til iskanten. Han spring inn på kjøkkenet.

— Kom med ein gong!

Ramla uti sjølv

Far og son spring ned til naustet, og hentar den vesle båten. Det er berre 25 meter bort til personen som kjemper for livet i det iskalde vatnet, men den korte turen blir likevel strabasiøs.

Fjorden er islagt. Dei dundrar årene gjennom isen, for å få båten ut på fjorden. Sonen hoppar opp og ned bak i båten, for at baugen skal slå isen sund. Så får far nærkontakt med isvatnet.

  • Eg skulle ta spenntak i isen og ramla uti sjølv, fortel Sigve Rafdal.

No har det gått eit kvarter sidan Svein Jarle høyrde ropa om hjelp i tunet. Mannen i vatnet er iskald, utsliten. Han vil sleppe taket, ropar til redningsmennene at han ikkje greier meir.

  • «Hald ut, hald ut», ropte me tilbake. «Når me er komne så langt, vil me ha fatt i deg!»

Godt tak i boblejakka

Undervegs ser far og son to hol i isen. Ei kort stund fryktar dei at fleire har gått gjennom, men då dei endeleg når fram, får dei vite at mannen er aleine.

Men far og son klarar ikkje få mannen opp i båten. Dei kastar ut eit tau, men han torer ikkje sleppe taket i isen.

No er også Tom Stian (33), den andre sonen til Sigve, komen ned til ulykkesstaden. Dei kastar tauet inn til han som står på land, og far tek eit godt tak i boblejakka til mannen i sjøen. Deretter dreg Tom Stian alle tre inn til lands. Mannen er blytung av vatn. Alle tre må hjelpe til med å bere den forfrosne karen inn i ei utleigehytte som familien Rafdal eig like ved fjordkanten.

— Me la han på varmekablane. Svigerdotter mi, som er sjukepleiar, klypte av han dei våte kleda.

Då kjem to ambulansar, eit ambulansehelikopter og redningsmannskap fram. Først køyrer ein ambulanse av garde med pasienten, men kjem tilbake like etter. Pasienten blir i staden frakta til sjukehuset i Haugesund med helikopter.

- Korleis har familien hatt det etter den dramatiske redningsaksjonen?

  • Me er herda, sønene mine og eg.

— Var du redd?

  • Eg var redd for at han skulle sleppe taket før me kom ut, og måtte snakke skikkeleg til han. Han greidde det.

Firhjuling på isen

Etter det BT forstår, skulle 59-åringen på isfiske på Etnefjorden, og køyrde firhjuling på isen. Køyretøyet ligg no på fjordbotnen, men blir henta opp av dykkarar seinare denne veka.

Men han er ikkje den einaste som har teke seg ein tur ut på isen den siste tida.

  • Lenger inn i fjorden har mødrer gått med barnevogn, og ein del isfiskarar har og vore utpå. Men etter ein mildare periode er isen her ute hos oss no tynn på grunn av straumar i fjorden. Så dei som går lenger ut, lever farleg, seier Sigve Rafdal, som meiner at mange har for liten respekt for isen.

— Folk må slutte å tøye grensene. Det har eg tenkt å seie til barna og barnebarna mine, også!