På masternivå får seks av ti studentar ved NHH dei to høgaste karakterane.

Det er 15 prosent betre enn ved Universitetet i Bergen, skriv studvest.no.

Ikkje overraska

— Det er mange flinke studentar, seier Maren Altø Riis ved Norges Handelshøyskoles Studentforening (NHHS).

— Gjennom heile utdanningsløpet er det mange som har gjort det bra. På masternivå spesialiserer vi oss i faga vi har gjort det best i.

Ho er sjølv student på tredje kullet, og er ikkje overraska over at Norges Handelshøyskole (NHH) toppar karakterstatistikken.

For lett?

Dekan for masterutdanninga ved NHH, Iver Bragelien legg vekt på skolens strenge krav til den som vil inn på mastersudiet, ifølgje studvest.no.

— Kan ikkje det bety at det er for lett å få toppkarakter?

— NHH ligg berre litt over snittet over kva som er vanleg for master i økonomiske utdanningar. Diskusjonen har derfor vore om kvifor det er så jamt når dei andre institusjonane har mykje lågare opptakskrav, seier Bragelien.

- Press avgjer

På Norsk Lærerakademi (NLA) er resultatet på master nesten 20 prosent dårlegare enn på NHH.

Fungerande studiesjef, Egil Reindal, seier til studvest.no det har sine naturlege forklaringar.

— Det kan ha noko å sei at det er høgare opptakskrav på NHH, og at studentane derfor leverer betre masteroppgåver.

Dessutan trur han at karakterpresset er mindre blant NLA-studentane.

Er det for lett å få gode karakterer? Hva mener du?