Framtida ser lys ut for Høgre-politikar Peter Christian Frølich. Same dag som partiet hans opplever rekordoppslutnad på 32,5 prosent i ei TV 2-gallup, vart han innstilt som ungdomskandidat for Høgre på neste års stortingsliste i Hordaland.

— Eg er stolt og audmjuk, og ikkje minst motivert for den oppgåva som står framføre meg, seier han.

Leiar i Hordaland Unge Høgre, Erik Skutle, seier foreininga no skal jobba med bydelslag og lokallag for å sikra god listeplassering for Frølich.

— Eg trur resten av partiforeininga ser jobben me gjer og den kompetansen som finst hos oss. Dette trur eg vil bli belønna når lista skal spikrast, seier Skutle.

Han peikar på at ungdomskandidatane i partiet historisk sett har fått gode listeplasseringar til stortingsval. I 2005 fekk Harald Victor Hove ein femte plass. I 2009 var Eivind Nævdal-Bolstad på fjerde plass.

— Eg synst ikkje me er svakare no enn me var då, og me vil kjempa hardt for å få god plassering, seier Skutle.

Om dei lukkast med det og Høgre held på den høge oppslutnaden, bør Frølich ha svært god sjanse på stortingsplass.

— Målinga i dag ser oppløftande ut for alle som har Høgre i hjarta sitt. Håpet er at det held heile vegen inn og at me får ein hordalandsbenk med mange høgrekandidatar med ulik bakgrunn, alder og eigenskapar, seier Frølich.

Ungdomskandidaturet blei valt ved uravstemming på møte i Høgres hus måndag kveld. To kandidatar blei innstilt i prioritert rekkefølge. Frølich er nummer ein, Sondre Rasch vart prioritert som nummer to.