Å satsa på gardsturisme på eit opphavleg nedlagd gardsbruk utan straum og med utedo er ikkje noko kvar mann gjer. Torstein Hatlevik frå Espevær på Bømlo gjorde det, saman med kollegaen SveinHenning Dyrhaug.

I 2009 opna han gardsrestaurant i kjellaren på Haaheim Gaard på Tysnes. I 2011 opna eit nytt restaurantbygg i sveitserstil, rosehage og interiørforretning. Fredag kveld får han Bygdeutviklingsprisen for Hordaland som blir overrekt på konferansen Agrohordaland i Bergen.

Snu opp ned på gardsturisme

— Torstein Hatlevik har med sin jordnære, men modige måte å driva gardsrestaurant på snudd opp ned på førestellinga om kva gardsturisme kan vera, seier Åge Bremer, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge Hordaland. Han viser til at Haaheim Gaard etter oppstarten for tre år sidan er blitt eit reisemål for heile bergensområdet med ei årleg restaurantomsetning på over tre millionar kroner.

Bremer trekk fram satsingane på eigne festivalar for sjokolade, kammermusikk, tradisjonsmat, opera og roser som døme på vellukka tiltak.

I tillegg til etablering av nye arbeidsplassar og stadige forbetringar og nyskapingar på garden, peikar Bremer på prisvinnaren sin evne til å formidla suksessoppskrifta til andre gründerar i reiselivet i Hordaland. Hatlevik er dessutan ein pådrivar for Liv og Lyst, eit mobiliseringsprosjekt for lokalsamfunnsutvikling i kommunane.

Til nasjonal konkurranse

Bygdeutviklingsprisen er på 50.000 kroner, og Hatlevik blir Hordaland sin kandidat til å vinna den nasjonale Bygdeutviklingsprisen på 200.000 kroner.

— Me meiner han har alle kvalitetar til å nå høgt i den konkurransen òg, seier Bremer.

Alle dei rosande orda blir sett pris på av hovudpersonen sjølv.

— Prisen betyr utruleg mykje for meg og er ein inspirasjon til å fortsetja, seier Torstein Hatlevik.

Bak seg har innehavaren ein sommarsesong i gardsrestauranten som ligg 30 prosent over det budsjetterte. Julebordsesongen ser ut til å bli god. Halvparten av sommarsesongen frå mai til august 2012 er tinga.

— Me er berre i oktober no og veit allereie kva gjestar som kjem annakvar helg neste sommar, seier Hatlevik.

— Hadde du trudd det då du kjøpte garden?

— Nei.

Sykkeltur med talande GPS

Han fortel at prispengane skal setjast av som eigenkapital til eit nytt prosjekt. Målet er å tilby eit opplegg for at turistar skal få oppleva Tysnes på sykkel. Ifølgje Hatlevik blir det snakk om sykkelutleige med talande GPS som tek turistane med rundt på øya inkludert lunsj eller middag på ein av spisestadene på øya. Søknad om midlar er sendt til Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

— Dersom søknaden blir innvilga, skal me få sykkelutleige opp å gå til neste sommar, seier Hatlevik.

Optimisme i Bygdeturisme

Sommarsesongen har vore bra og ført til optimisme og framtidstru i gardsturismebransjen. Det syner ei fersk undersøking frå Hanen – interesseorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Norge. Vel tre av fire tilbydarar av gardsmat og bygdeturisme svarte at sommaren 2011 var som ifjor eller betre. Nær 70 prosent av verksemdene er ganske eller svært optimistiske når det gjeld framtida for verksemda deira.

— Den store optimismen blant medlemmer i HANEN har vi sett i alle tilsvarande undersøkingar dei siste åra, og han er framleis svært stor, seier marknads- og mediesjef Ole Jonny Trangsrud.

Søkjer bortgøymde historier

Også innovasjon Norge ser ein trend at stadig fleire ønskjer å oppsøkja ekte, naturnære opplevingar.

— Utlendingar som kjem til Vestlandet er overbegeistra over naturen og det å møta folk i ei autentisk ramme. Vi merker at vestlendingen også blir meir og meir nysgjerrig på dei lokale kvalitetane og ønskjer derfor skaffa seg kunnskap og oversikt over kva som finst i nærområdet eller den bortgøymde historia i fjord- og fjellbygder, seier Åge Bremer.

PRISVINNAR: Innovasjon Norge meiner Torstein Hatlevik som driv Haaheim Gaard på Tysnes er den beste bygdeutviklaren i Hordaland i år. No går han vidare til nasjonal konkurranse.
PAUL S. AMUNDSEN (ARKIV)