Hyppige medieoppslag om fugleinfluensa gjer folk urolege. Vestlendingar, ikkje minst bergensarar, strøymer til lege og apotek for å hamstre influensamedisinen Tamiflu — i tilfelle epidemien blir eit faktum.

Men smittervernoverlege i Bergen, Øystein Søbstad, kallar dette «skivebom».

— Slik hamstring er tøv frå ende til annan! Dersom folk er så sabla redde for influensa, bør dei gå og vaksinere seg. Det er i tillegg nesten gratis, seier Søbstad.

- Skremd av avisene

Fugleinfluensaepidemien har spreidd seg i fleire land i Austen. Verdas helseorganisajon (WHO) advarar mot auka risiko for ein alvorleg epidemi, og rår hushaldningar til å kjøpe medisin.

Dette har vestlendingane fått med seg. Berre i løpet av to februarveker har Apotek 1 Svanen i Bergen seld eit femtitals pakkar med Tamiflu, mot berre éin einaste pakning i løpet av heile 2004.

I går var apoteket utseld for Tamiflu - igjen. I tillegg får apoteket mange spørsmål om fugleinfluensa, først og fremst frå eldre folk.

— Mange er blitt skremde av det som har stått i avisene, seier apotekar Kristin Nordang til BT.

Surfar seg fram på nettet

Også Vitus Apotek Nordstjernen har registrert langt større interesse for influensamedisin den siste tida. Så langt har bergensapoteket seld 35 pakningar.

— Det er ein ganske stor auke i forhold til det bittelille salet vi har hatt tidlegare. Mitt inntrykk er at legane skriv ut resept til dei som ber om det, seier bestyrar Bjørg Forsberg til BT.

Mange av kundane er spreke eldre, som leitar seg fram til informasjon på nettet og oppdaterer seg på viruset. Forsberg sjølv har ingen planar om hamstring.

— Folk er så forskjellige. Eg kan forstå at nokon vil ha medisin i beredskap, men ville ikkje gjort det sjølv, seier ho.

Rushet som ikkje kom

Ein del apotekkundar i Førde, Odda og på Voss har også spørsmål om fugleinfluensa og medikamentbruk - men ikkje på langt nær så mange som i Bergen, viser BTs ringerunde.

Apotek 1 Voss har ikkje ekspedert ein einaste Tamiflu-resept.

— Vi hadde venta eit rush, fordi vi har sett at andre apotek har seld masse. Men eg trur ikkje vossingane bit på medieoppslaga, ler bestyrar Marianne Heggland.

Smittevernoverlege Søbstad skulle nok ønske at fleire tenkte som vossingane. Etter hans meining er faren for ein fugleinfluensa-epidemi her til lands overdramatisert i etterkant av SARS-epidemien.

— Dette er eit utilsikta behov som plutseleg dukkar opp. Kanskje nokon tener på det. Men det blir ingen epidemi før viruset smittar frå menneske til menneske, i staden for frå fugl til menneske, understrekar Søbstad.

— No får vi berre håpe at medisinen held seg til influensaen kjem. Ha ha!

— Men WHO anbefaler hushaldningar å kjøpe medisin?

— Det kan godt vere, men vi ser ingen grunn til å gjere det same. Alle oppegåande personar tåler ein influensa, og det finst ingen kontrollerte studier som viser effekt av denne medisinen.