Føraren av personbilen er sendt til Haukeland Universitetssjukehus etter utforkøyringa i ein 180-graders sving vest for Tysse. Politiet fekk melding rett før klokka 21 i kveld.

Føraren oppga til politiet at han fekk sladd på bilen, og at det er årsaka til utforkøyringa. Sjølve ulykka skjedde på Mørkved, 2-3 kilometer utanfor Tysse sentrum i retning Kvamskogen.

Det skal ikkje vere problem med trafikken, sidan vegen er brei på ulykkesstaden. Bilen ligg langt nedi ei skråning, og vil bli henta i morgon.