Samstundes med hamskiftet rapporterer vi på sportssidene at Newcastle-spelaren Nicky Butt (tidlegare Manchester United) har slått opp att hamstringsskaden sin.

— Ein kraftig nedtur både for oss og for Nicky, seier manager Graeme Souness.

EI SLIK HAMSTRING AV LÅNEORD må vera ein nedtur også for telegrambyrået som tydelegvis har stått bom fast då den alvorstunge meldinga frå fotballverda skulle omsettast frå engelsk til norsk.

Hamstringskade. Kva i all verda kan det vera for noko? Kvar er det stakkars Nicky har hamstra, og korleis vart han skadd under hamstringa? Er det noko middel mot slikt? Spørsmåla vil ingen ende ta.

Hamskifte, til å vera United-spelar i Newcastle i staden for Manchester, kan for mange vera ein kraftig nedtur. Men det er neppe så skadeleg at den 30 år gamle midtbanespelaren må ta ein pause på fleire månader av den grunn.

KANSKJE HAR DET MEIR MED HAM å gjera, det engelske ordet for skinke.

Javisst. Guten har vondt i eine skinka, eller der omkring, litt nedanfor, får vi opplyst på anna hald.

Vårt engelske oppslagsverk fortel at hamstring'en består av tre musklar, biceps femoris, semitendinosus , og semimembranosus for å halda seg til eit anna framandspråk, latin.

Musklane har sine øvre feste i bekkenet der du kjenner at det er bein inne i rumpeballen når du sit. Nede er dei festa på baksida av kneet. Det er med andre ord snakk om lår-bicepsen (biceps femoris) og to nabomusklar, på baksida av låret.

HASE ER DET NORSKE NAMNET på denne delen av anatomien. Ein kvar dreven hestehandlar sjekkar grundig om hesten har gode hasar før han opnar den svære hestehandlarpungen. Spørsmålet er om eit ord som er såpass utbreidd blant bønder og hestefolk, er fint nok til bruk på fotballspelarar, sjølv om dei ikkje lenger er tilsett på Old Trafford. Prislappen kan likevel måla seg med den for ein god travhest.

I vår, etter kvart fjerne, fotballspelande oppvekst var

engelsk fotballspråket. Vi snakka om corner og keeper. Etter kvart har sjølv Norges Fotballforbund gjennomført ei fornorsking. Corner vart til hjørnespark. Keeper gjekk via målmann til kjønnsnøytrale målvakt.

MEN KEEPERHANSKE held vi framleis i fast grep, dei fleste av oss, om det er aldri så mykje språkblanding. Målvakthanske blir liksom litt teit.

Det er tvillaust ein haseskade Nicky Butt slit med. Spørsmålet er om ordet er for teit til å få innpass i nymotens norsk. Å omsetta engelske hamstring injury med hamstingskade er i prinsippet ikkje verre enn keeperhansken, men bør ikkje bli like vellykka. Rett og slett fordi ordet hamstring på norsk er oppteke frå før.

Har vi eigentleg bruk for eit slikt ord? Er ikkje haseskade fint nok, går det vel av å seia at Nicky Butt har skadd ein lårmuskel, eller meir presist, at han har ein muskelskade på baksida av låret.

Vondt er det, uansett.