Mannen er dømd for forsøk på å innføre 7000 narkotiske tablettar frå Thailand. Under rettssaka forklarte mannen at han hadde fått tilsendt tablettane, men retten festa ikkje lit til denne forklaringa.

Nordfjordingen er i tillegg dømd for å ha motteke, lasta ned, lagra og sendt vidare bilete med barnepornografisk innhald.

Nordfjordingen er funnen skuldig for å ha oppbevart våpen og ammunisjon utan løyve. I tillegg til fengselsstraffa må han også bere sakskostnader til retten på 3.500 kroner.