Omkring halvparten av dei som vart akutt sjuke, har framleis til dels alvorlege symptom.

Kommunelege Tommy Norman i Gulen skal over helga leggja fram ein grundig rapport som dokumenterer sjukdomstilfella etter Sløvåg-ulukka.

I tillegg til dei alvorlegaste tilfella er det gjennomført ei spørjeundersøking blant alle som bur eller arbeider i nærleiken av tankanlegget.

Granskinga viser at svært mange har hatt, og har, ulike plager som såre auge og hals, kvalme, nedsett smaks— og luktesans og søvnvanskar.

Mellom dei som jobba i Sløvåg, hadde heile tre av fire fått helseplager, og i bygdelaga rundt hadde 60 til 70 prosent av innbyggjarane ulike symptom.

Skodvin, Helge