– Dette held ikkje. Samferdslepolitikken på området er til skade for det verdiskapande Vestlandet, seier stortingsrepresentanten frå Hordaland.

Saman med listetopp for partiet i Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, krev Halleraker (biletet) ei gradvis utskifting av gammalt ferjemateriell:

– Ferjesambanda må oppgraderast. Det gjeld både storleik på ferjene, standard og frekvens. Ikkje minst må gamle ferjer erstattast med nye og miljøvennlege.

**_Les også:

– Ferjene er ikkje så ille_**

Protestar

Bergens Tidende skreiv onsdag om sterke protestar frå Nordhordland og Ytre Sogn på at ei 30 år gammal ferje skal brukast i ti nye år på Leirvåg-Sløvåg over Fensfjorden. Tide hadde lågast pris, og fekk oppdraget med å drifte sambandet til 2019. Statens vegvesen har akseptert at dei skal bruke «Etne», ferja som i dag går på strekninga. Denne blei bygd i 1979, og vil altså vere nesten 40 år før anbodsperioden er ute.

Næringslivet og kommunane i området meiner Vegvesenet med avgjerda verken set krav til tryggleik, utslepp eller tilrettelegging for mjuke trafikantar. Statens vegvesen meiner på si side at ferja er trygg nok, og viser til at dei heldt seg til regelverket som galdt på utlysingsdagen.

**_Les meir:

Tapar stort på gammal ferje_**

Øyvind Halleraker støttar fullt ut klagemåla frå bygdene rundt Fensfjorden:

– Argumentet om at sambandet blei lyst ut rett før dei nye retningslinene tok til å gjelde, er i beste fall syltynt. Vi må halde oss til dei gjeldande retningslinene.

40+

Men sambandet over Fensfjorden er langt frå det einaste som blir trafikkert av eldre ferjer. Ein gjennomgang av flåtane til dei største ferjereiarlaga, viser at farkostane dreg på åra. Nesten halvparten av ferjene er bygd før 1980.

I dei to største ferjereiarlaga i landet, Fjord1 og Tide, er situasjonen bortimot identisk. I Tide er 23 av 52 ferjer selskapet står oppført med i skipsregisteret Equasis, eldre enn 30 år. Fjord1 har 32 av 67 som er døypte før 1980. Torghatten og Veolia, to av dei andre store operatørane på norske ferjestrekningar, har begge i overkant eller kring halvparten av sine fartøy bygde før 1980.

På fleire strekningar går ferjer eldre enn 40 år. Tide brukar 42 år gamle «Fjordgar» på Klokkarvik–Lerøy–Bjel-karøy–Hjellestad. På sambandet Daløy-Haldorsneset i Solund brukar Fjord1 «Nårasund», bygt i 1968.

– Det er skremmande at så gammalt materiell skal vere det folk på kysten er avhengig av som sin navlestreng. Etter mitt syn må det no lagast ein konkret handlingsplan for å skifte ut gamle ferjer. Vi må ta systematisk tak, i dag verkar det som alt skjer tilfeldig. I tillegg må vi dessutan framskunde fastlandssamband der det er råd, seier Halleraker.

Krass mot Vegvesenet

Hordalandpolitikaren, som sit i transport— og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, meiner det er heilt på kanten miljømessig å drive med så gamle ferjer.

– Men å byggje nye ferjer er heller ikkje bra for miljøet?

– Ja, det kan du seie. Men det er også eit spørsmål om kor lenge vi av andre grunnar kan drive med desse gamle ferjene.

Halleraker kritiserer også Statens vegvesen. Han meiner etaten siste åra har sett bort frå politiske signal om ferjedrifta når samband på Vestlandet er sett ut på anbod.

– Nokre av dei viktigaste kriteria for tildeling skal vere krav om nye og meir miljøvennlege ferjer, auka frekvens og sjølvsagt effektiviseringsvinstar gjennom sunn konkurranse mellom ferjereiarlaga. Med unntak av ferjesambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg, har Statens vegvesen sett heilt bort frå kravet om nytt ferjemateriell.