I fjor strauk 43 prosent av lærarstudentane ved Høgskolen i Bergen i matte. Men no har skulen klart å snu dei to siste års dårlege resultat. Årets matematikkeksamen viste at strykprosenten er sterkt redusert.

— Vi skulle gjerne sett ein endå lågare strykprosent, men er godt nøgd med at den har gått så mykje ned, fortel prodekan Bjørg Kristin Selvik.

Ho trur noko av grunnen er at mange studentar har arbeida mykje jamnare, og har komme i gong raskare enn tidlegare års studentar. Studentane har dessutan frivillege innleveringar som fleire har nytta seg av i år. Samstundes var det eit godt nivå på årets studentar.

— Vi har greidd å få studentane til å forstå at matematikkfaget krev jobbing, men samstundes unngått at dei blir skremd av faget. Tidlegare har ein del studentar blitt handlingslamma når dei høyrer om høg strykprosent, trur Selvik.

Vil endå lågare

No vil Lærarutdanninga jobba vidare med korleis dei skal få strykprosenten endå lågare. Selvik trur løysinga ligg i å få studentane til å fatta interesse i matte og sjå på faget som spennande. Dette er fjerde året som mattefaget har ti vekttal, mot fem vekttal tidlegare.

Mesteparten av lærarstudentane har ikkje valt matematikk utover det obligatoriske på vidaregåande skule. Det betyr at dei har vore vekke frå mattefaget i minst to år, når dei får faget i første studieår på lærarutdanninga.

— Vi synest det er for få med fordjuping i matematikk på vidaregåande som vel å bli lærarar. Men det er få som vel fordjuping, og det er mange som slåst om desse elevane, meiner Selvik.

Eksamen tel 60 prosent av karakteren. Resten av karakteren er knytt til eit prosjektarbeid om praksis og tilrettelegging av matteundervisning.

Lite stryk på Stord

Allmennlærarstudentane ved Høgskolen Stord/Haugesund gjorde det godt ved matteeksamen. Her må studentane gjennom ein tredelt eksamen. I desember var det ein skriftleg eksamen der 12 prosent av elevane strauk. I mai var det ny skriftleg eksamen med strykprosent på 14. Dei som klarte desse eksamenane gjekk opp til munnleg, og på denne eksamen var det ingen stryk.

— Gjennomsnittkarakterane ved alle tre eksamenane ligg rundt laud, så det må seiast å vera greie resultat, fortel studiesjef Bjørn Andersen.