Sunnhordland forhøyrsrett ville ha mannen fire veker i varetekt grunna fare for bevisøydelegging, ei avgjerd 27-åringen sin forsvarar, advokat Kjell Steinsbø straks påkjærte.

Tidleg neste veke skal retten gjennomføra dommaravhøyr av den ti år gamle jenta som den tungt medisinerte 27-åringen skal ha sparka og slege og bede om pengar.