LENA VERMEDAL

— Kvar ein som sit lokalt og kjenner ferjetabellane, dyretettleiken og avstandane, vil veldig lett sjå at dette er umuleg, seier Arve Viken, leiar i Vestenfjeldske veterinærforeining.

Foreininga har henta inn informasjon frå alle dei 22 vaktdistrikta når det gjeld avstandar, ferjesystem, reisetider frå ytterpunkta, bustadplass for veterinærane og dyretettleiken i distrikta.

— Eg har 22 dokument frå veterinærar som seier dette ikkje er muleg. Det hjelper ikkje å ha ei vaktordning på papiret, når den ikkje fungerer. Dyr vil døy fordi avstandane blir for store, seier Arve Viken, leiar i Vestenfjeldske veterinærforeining.

Han har store problem med å knipa dagens 11 vaktdistrikt i Hordaland saman til seks, men gjer likevel eit forsøk.

— Dersom kartet og terrenget ikkje stemmer overeins, er det alltid terrenget som er riktig, seier Arve Viken.

Han meiner nye supervaktdistrikt kan diskuterast, men då må det skje lokalt saman med brukarane som er bøndene.

— Det skjer endringar både med bønder som sluttar og endring i kommunikasjonar, så vi skal alltid kunne diskutera dette.

Tysnesdyrlege Karl Lunde er ein av veterinærane som ville site att med svarteper og eit enormt vaktdistrikt dersom veterinærane hadde akseptert dei nye vaktdistrikta.

— Eg kan ikkje tenkja meg å køyra i så store område. Det vil ikkje vera bra for meg eller for bøndene. Folk kan ikkje stola på ei slik vaktteneste, seier Lunde til avisa Tysnes.