— Eg har aldri opplevd maken, seier rektor Olav Søreide ved ungdomsskulen på Sandane.

I går var 127 av 242 elevar vekke frå skulen.

— Det var verre før i veka. Fråveret var størst tysdag. Då var det akkurat 100 elevar på skulen. Sidan har det blitt nokre fleire elevar kvar dag, fortel rektoren.

To av 24

I klasse 8C var berre tre av 24 på skulen i går. Det var likevel 50 prosent fleire enn tysdag. Då var dei to.

— Det har vore ei veldig kjekk veke, seier Edvard Aske. Han er den einaste i klassen som ikkje har hatt influensa. Og det er han glad for:

— Vi har gjort masse kjekt, fortel han.

Klassekameraten Hafizullah Mohammadi høyrer også til mellom dei som har sloppe billeg. Han var borte ein dag.

— Eg hadde vondt i halsen, men hovudverken var verst, fortel han. Det finst klassekameratar som har vore sjuke i dagevis. Også Hafizullah syns det har vore stas på skulen:

— Vi har gjort litt fag. Men vi har spelt mykje kort, og vore ein god del på data. Og så har vi hjelpt vaktmeisteren med å henge opp plakatar.

Influensavirus B

Influensaviruset som har ført tenåringane i Gloppen til sengs heiter Shanghai, oppkalla etter den kinesiske storbyen fordi det først blei oppdaga der.

— Dette er eit influensa B-virus, slik dei fleste diagnostiserte influensavirus er denne vinteren. Sidan B-virus er mildare enn A, ventar vi ikkje av dei store utbrota i år, seier overlege Bjørn G. Iversen ved Folkehelseinstituttet.

Instituttet har siste vekene registrert ein kraftig auke i funn av influensavirus. Frå legekontor rundt om i landet er det meldt inn eit veksande tal influensapasientar, men utbrotet blir likevel karakterisert som moderat. Og slik reknar Iversen med at det vil bli framover vinteren:

— Vanlegvis får frå fem til ti prosent av folket influensa. Så framt det blir slik vi trur, ein moderat influensavinter, vil rundt 200.000 blir ramma.

— Kvar i landet har viruset slått til hardast?

— Hittil er det rapportert flest tilfelle frå Helse Sør og Nord-Norge, seier Iversen.

Ikkje kjent seg sjuk

I følgje statistikk som blei lagt ut på nettsidene til Folkehelseinstituttet, ligg Vestlandet godt under gjennomsnittet for landet.

— Korleis forklarar du at ein heil ungdomsskule i Gloppen blir slått ut?

— Det er eigentleg ganske typisk. Vi ser ofte at influensa slår til flekkvis. På ein skule kan veldig mange bli sjuke, medan alle held seg friske på naboskulen.

I følgje Iversen skuldast slike lokale storutbrot som i Gloppen, vanlegvis at ein eller fleire får viruset i seg utan å bli sjuke.

— Det kan vere nok at ein elev eller lærar har fått viruset, utan at det slår særleg ut. Smitteberaren går difor på skule eller jobb, og dermed blir andre smitta.

Elevkveld fredag

Gloppenrektor Olav Søreide har ein mistanke om at ein elevkveld fredag for ei veke sidan kan ha hatt sitt å seie.

-Måndag merka vi at noko var på gang. Eg har arbeidd i skuleverket i 30 år, og aldri opplevd tilsvarande. Dette er nok ei veke vi kjem til å hugse.

— Korleis er det å drive skule når meir enn halve elevmassen er vekke?

— Konsekvensen er størst på progresjon, vi kan ikkje gå så fort fram. Men elles går det greitt. Slik sett ville det vore langt verre om det var over halvparten av lærararane som var sjuke. Men dei har heldigvis skore klar, i alle fall så langt.

— Så langt?

— Ja, no er to lærarar og ein assistent sjuke. Så det blir litt spennande å sjå korleis det er når vi kjem til måndag.

TRE AV 24: Monika Ulleland (t.v.), Hafizullah Mohammadi og Edvard Aske hadde heile klasserommet for seg sjølv i går.
ØYSTEIN TORHEIM