Garden som ligg til Valen sjukehus i Kvinnherad er ein av Hordaland sine største garder.

— Vêrtilhøva i sommar har vore fantastisk gunstig for tørråtesoppen, seier Jarle Mehammer, som sprøytte avlinga før han drog på ferie.

Potetsorten Peik har vist seg mest motstandsdyktig mot soppen, medan Troll og Bamse har blitt sterkt ramma, melder avisa Kvinnheringen.