Det er dei omfattande planane om vindparkar som skapar turbulens i øykommunen i Sogn.

For i kommuneplanen, som skal gå fram til 2020, er det sett av område til vindkraftutbygging.

Grunneigarar

No viser det seg at sju av 15 folkevalde som møtte då kommunestyret gjorde vedtak om kommuneplanen i april i fjor, anten er grunneigarar innanfor vindkraftområdet eller i nær slekt med grunneigarar.

Ifølgje det Solund kommune sjølv har opplyst, skal det vere skrive avtalar mellom grunneigarar og utbyggjarselskap i vindparkområdet.

Dei sju er Øyvind Lending, Birger Hjønnevåg, Camilla Trovåg, Roar Jarle Trovåg, Linne Lending, Sveinung Kråkås og Ole Gunnar Krakhellen.

Då kommunestyret sist november handsama saka på ny og stadfesta vedtaket frå sist vår, deltok fire av desse sju på møtet.

Alvorleg feil

Fylkesmannen meiner det er ein alvorleg feil at ikkje habilitetsspørsmålet er teke opp og handsama av kommunestyret.

Dei folkevalde som sjølve er grunneigarar innanfor vindkraftområdet, eller har nære slektningar som er det, skulle ha teke opp spørsmålet om sin habilitet, opplyst om tilhøve som gjorde eller kunne gjere representanten ugild og fått dette vurdert av kommunestyret.

— Vi kan ikkje utelukke at feilen har verka inn på vedtaket. I denne saka er det gjort feil som gjer vedtaka ugyldige, konkluderer fylkesmannen.

Synspunkt på saka? Sei meininga di.