Bergenspolitikaren sikra seg topplassen på fylkestingslista med 56 røyster. Utfordraren, Astrid F. Selsvold (46) frå Kvam i Hardanger, fekk 48 røyster på nominasjonsmøtet i Bergen søndag ettermiddag.

Fylkespartiet var tydeleg splitta, slik også nominasjonskomiteen var i si innstilling. Grung hadde støtte frå Bergen, som stilte med 40 utsendingar, men møtte motstand frå fleire andre kommunelag, blant anna i Hardanger.

— Ja, møtet var splitta. Det er ein jobb å gjere med å binde det saman att, seier Grung om skiljet mellom bergensdelegatane og resten av nominasjonsmøtet.

-Lyftar oss ikkje som fylke

Tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Ranveig Frøiland leia an for å skubbe Grung nedover på lista og få kvemmingen Selsvold på topp.

— Ein del kommuneparti føler at Bergen ikkje lyftar oss som fylke, men hegnar om kommunegrensene, sa Frøiland, og nemnde hamnespørsmålet og transport som eksempel.

— Mange av desse spørsmåla heftar litt ved Ruth, som har vore ein sentral politikar i Ap i Bergen, sa Frøiland.

Grung er i dag leiar i komite for miljø og byutvikling i Bergen.

Frøiland sat sjølv i nominasjonskomiteen, og var ein del av mindretalet der som ville ha Grung på tredjeplass. Men støtte frå blant andre Odda-ordførar Gard Folkvord var ikkje nok. Selsvold mangla til slutt fem røyster på å vinne, og måtte ta til takke med tredjeplassen.

- Fantastisk kjekt

— Det som vart sagt av Ranveig Frøiland frå talarstolen kjenner meg ikkje att i, sa Ruth Grung etter møtet. Ho meiner sjølv at ho tvert om har fremja samarbeid mellom Bergen og distrikta i mange samanhengar.

— Samtidig er det er viktig at Ap erkjenner den rolla Bergen har som motor. Det blir heilt avgjerande framover, seier Grung.

Astrid F. Selsvold, som i fjor opplevde at hennar eige kommunelag prøvde å få henne ekskludert frå Ap etter skulestriden i Kvam, tok tapet tilsynelatande pent.

— Det er fantastisk kjekt å få vere på eit såpass godt lag som dette. Ein tredjeplass er bra det, sa Selsvold.

Andreplassen på lista gjekk til Sveinung Valle frå Lindås, som også er leiar i Hordaland Ap.