Prosjektet omfattar ein 4,1 kilometer lang undersjøisk tunnel frå Sunde på fastlandet og over til Halsnøy og ein tilførselsveg på 2,2 kilometer. Etter planen vil den nye vegen verta opna for trafikk i 2008.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er 343 millioner kroner (2003-kroner). Av denne summen skal 112 millionar dekkjast av løyvingar over statsbudsjettet, 197 millionar kroner er bompengar, medan 34 millionar kroner er kommunalt tilskot.

Når Halsnøysambandet står ferdig i 2008, vert det noverande ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad (sambandet Skjersholmane — Ranavik - Sunde) omgjort til eit pendelsamband mellom Skjersholmane og Ranavik.

Bompengeordninga for Halsnøysambandet fører til at det med verknad frå første kvartal 2004 og fram til opninga av den nye vegen i 2008 blir innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Skjersholmane - Ranavik - Sunde. Etter at vegen er opna for trafikk, vil det så i ein periode på 15 år vere innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på Halsnøy.

Regjeringa vil seinare i haust leggje fram ein stortingsproposisjon om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet i Kvinnherad kommune.