I sjukehussenga ligg ein bleik, ung mann på tiande dagen. Kroppen ser livlaus ut. Spybegeret står klart på nattbordet.

— Hei, Hallvard, seier mor stille.

I eit kort sekund opnar han augo før han forsvinn inn i seg sjølv igjen.

Dei siste sju åra har Hallvard Rykkje tilbrakt store delar av livet på sjukehus. Sidan hausten 2005 har han hatt anfall av invalidiserande kvalme og oppkast kvar månad.

Han kan spy seg sanselaus. På det meste kastar han opp 40 gonger om dagen.

Det er eit helvete

Men Helse Bergen kan ikkje gi 32-åringen svar på når han får prøva den einaste behandlinga som kan gje han eit nytt liv.

Komplikasjon av diabetes

32-åringen frå Kinsarvik har hatt diabetes type 1 sidan han var fem år, og fleire spesialistar har konkludert med at han har gastroparese. Tilstanden fører til at magesekken ikkje tømmer seg slik han skal, og er ofte ein seinkomplikasjon av diabetes.

Den einaste behandlinga som har vore aktuell, er å prøva ein midlertidig pacemaker på magen (temporær gastrisk elektrostimulering). Pacemakeren skal stimulera musklane i magesekken til å tømma seg regelmessig. Tre gonger det siste året har Rykkje blitt førespegla at han skal få prøva.

Men medan han spyr og månadene går, kjem det stadig nye og motstridande beskjedar frå Helse Bergen. Foreldra er fortvilte på vegner av sonen.

— Dersom ein liten flik av historia til Hallvard er representativ for kronikarar med kompliserte diagnosar, er dette ille, seier faren Ottar Rykkje.

Innlagt 13 gonger i 2012

Fem dagar etter vårt første møte blir Rykkje utskriven frå Haukeland Universitetssjukehus. Han er kvalm, det er han kontinuerleg, men han klarar å gå og snakka utan å kasta opp.

Han fortel om det første anfallet, som kom hausten 2005. Først trudde han at det var vanleg omgangssjuke, men oppkastriene kom med stadig sterkare styrke. Etter tre dagar vart han innlagt på sjukehus. Legane konstaterte at spiserøyret var skadd og betent, og heldt han der ei veke.

Sidan har Rykkje hatt anfall kvar månad. Dei første åra varte dei mellom fire og åtte dagar.

Det siste året er tilstanden blitt forverra. Anfalla kjem oftare og er sterkare, og i 2012 var han innlagt på sjukehus 13 gonger. Det lengste opphaldet varte i tre og ein halv månad.

— Eg hugsar ikkje lenger korleis det er å ikkje vera kvalm.

- Korleis er det når anfalla er på det verste?

— Det er eit helvete, svarar han forsiktig.

Venta i fem månader

Hausten 2007 flytta han og kjærasten til Tromsø for å studera. Dei neste åra vart han hyppig innlagt på Universitetssykehuset i Nord-Norge. Våren 2012 konkluderte spesialistane med at han hadde gastroparese, og meinte at han kunne ha nytte av å prøve ein pacemaker.

— Vi oppfatta at Sahlgrenska universitetssjukhuset i Sverige har denne ekspertisen og kompetansen, seier overlege Eyvind Paulssen ved UNN.

Men først måtte Rykkje henvisast til Haukeland for ein "second opinion". Han venta i fem månader før han kom til. Då var han så sjuk at han måtte transporterast til Bergen med ambulansefly.

Også spesialistane på Haukeland konkluderte med at Rykkje hadde gastroparese. Han skulle få prøve ein midlertidig pacemaker på Haukeland.

— Men sjukehuset hadde berre to slike pacemakerar, sa dei, og begge var i bruk. Derfor måtte eg venta tre-fire veker før ein av dei vart ledig, fortel Rykkje.

Etter ein månad fekk han kontrabeskjed.

— Ein av legane sa at han hadde vore i møte med sjukehusleiinga, som meinte at det var for mykje bruk av midlertidige pacemakerar. Dessutan hadde Haukeland lånt sine to frå Sverige, sa han, og dei måtte returnerast.

70.000 kroner

Ved Sahlgrenska International Care AB får BT opplyst at Sahlgrenska er det einaste sjukehuset i verda som tilbyr utprøving av midlertidig gastrisk pacemaker. For ein norsk pasient kostar behandlinga mellom 50.000 og 70.000 kroner.

Før jul i fjor sende Helse Bergen søknad til Helse Vest om behandling i Sverige. Like etter trekte Helse Bergen søknaden, opplyser Seksjon for utanlandsbehandling.

Rykkje skulle i staden få behandlinga på Haukeland, truleg i januar, «under forutsetning av at noen tekniske problemer i forhold til prosedyren løses».

Denne månaden dumpa eit nytt brev dumpa ned i postkassa i Kinsarvik. Helse Bergen jobbar med ein forskingsprotokoll om temporær pacemaker, står det. Men protokollen er så langt ikkje godkjent av Regional etisk komite, blir det opplyst, og overlegen som jobbar med dette har forskingspermisjon dei neste fire månadene.

- Halden for narr

Foreldra meiner at sonen gong på gong er blitt halden for narr av Helse Bergen.

— For oss er det ubegripeleg at han ikkje skal få prøva ein temporær pacemaker. Eg vågar påstanden om at Hallvard er blitt eit offer for budsjettkniven i Helse Bergen, seier Ottar Rykkje.

— Sidan jula 2011 har han meir eller mindre lege på einerom på ulike sjukehus. Kva må ikkje det kosta? Eg kan ikkje forstå at det ikkje er billegare at han blir operert i Sverige, seier mor Eli.

Og Hallvard sjølv?

— Eg har mista trua på legane og det norske helsevesenet. Eg veit at det ikkje er heilt rettferdig, men slik er det.

- Kor lenge er du ute av sjukehuset denne gongen?

— Til i morgon. Eller i to veker. Det er det meste eg torer å håpa på.

LIVET PÅ VENT: Etter 15 dagar på Haukeland Universitetssjukehus vart Hallvard Rykkje igjen utskriven tysdag denne veka. Han har permisjon frå sivilingeniørstudiet på grunn av sjukdommen, og torer ikkje tenkja på framtida. - Det blir for skummelt, seier han.
EIRIK BREKKE