11. januar i år vart 42-åringen frå Estland pågripen og sikta for å ha organisert sex-sal i Bergen og Drammen. Men hallik-butikken var ikkje einaste inntektskjelda:

Då Arbeidstilsynet troppa opp på byggjeplassen til selskapet Kristen Mediaallianse Holding AS på Øvre Kråkenes i mars i fjor, fann dei grove brot på ei rekkje lover og forskrifter. Det vart funne manglar på ti av elleve sjekkpunkt, og inspektørane gav ordre om at arbeidet måtte stansast umiddelbart.

Arbeidaren som signerte for at stopp-ordren var mottatt, var ein 42 år gammal estisk mann busett på Sotra.

I dag sit han varetektsfengsla, og har i avhøyr vedgått at han har operert som hallik i Bergen.

Hadde ikkje arbeidsløyve

Bygget på Øvre Kråkenes var eit lafta tømmerhus i tre etasjar, og skulle setjast opp av eit estisk arbeidslag. Dagleg leiar i selskapet bak prosjektet, Kristen Mediaallianse Holding AS, er redaktør Finn Jarle Sæle i avisa Norge i Dag.

Politiet meiner 42-åringen var i full gang med sexformidlinga då inspektørane stansa arbeidet på Øvre Kråkenes.

— Vi meiner den sikta har operert som hallik i Bergen i halvanna år. Truleg tok hallikverksemda til sommaren 2003, seier politiadvokat Kaare Songstad.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, hadde den halliksikta 42-åringen ikkje arbeidsløyve i Noreg då inspektørane trefte på han på byggjeplassen.

Før EU-utvidinga 1. mai i fjor var det krav om arbeidsløyve for alle frå Estland. Men hallikens papir vart aldri sjekka hos politiet den gongen.

I politiavhøyr

Også ein av Bergens mest framgangsrike eigedomsutviklarar, Kan Cao, har brukt 42-åringen.

— Eit estisk firma skulle utføre ein del fasademaling i fjor haust. Ein tredel av arbeidet var utført då mannen vart arrestert. Kontrakten var på ca. 100.000 kroner, og vi hadde utbetalt rundt 30.000 av summen, seier Kan Cao til Bergens Tidende.

Arbeidet vart gjort på Caos bustadprosjekt i Møllendalsveien 61B, som tidlegare i vinter vart lagt ut for sal.

Cao har i politiavhøyr forklart seg om forretningane med den halliksikta 42-åringen.

— Eg fekk eit veldig godt inntrykk av mannen. Han var fagleg dyktig. Det var svært overraskande at han vart tatt for dette andre, seier Cao.

Han vart av politiet også spurt ut om Sæles forhold til 42-åringen.

— 42-åringen fortalde meg at han hadde bygd ein einebustad for Sæle. Det var eit lafta tømmerhus, seier Cao, som blant anna står bak eigedomsselskapa Nordisk Eiendom og City Eiendom.

HALLIK TOK IMOT: Då inspektør Kurt Halås frå Arbeidstilsynet stoppa alt arbeid på byggeplassen på Øvre Kråkenes i fjor, var det den nå halliksikta 42-åringen som tok imot stopp-ordren.