Saksordførar Øyvind Halleraker, H, nyter godvershelga på Vestlandet. Men brusaka gjekk den elektroniske vegen inn på Stortingets datasystem, der alle dei andre medlemene i komitéen kan henta ho fram til gjennomlesing.

Halleraker opplyser til bt.no at hans forslag til innstilling er eit internt sakspapir, og altså ikkje offenteg.

— Dei andre medlemene i komiteen har no om lag ei veke på seg til å koma med merknader. Deretter vil komiteen drøfta saka, og leggja fram innstilling 16. februar. Den innstillinga vil vera offentleg, seier Halleraker.

Men etter ”bruvedkjenninga i Eidfjord” onsdag, er det ikkje mange som lurer på konklusjonen verken i Halleraker sitt forslag eller den endelege innstillinga.

Halleraker vedgår då og at hans forslag til innstilling i grove trekk var ferdig alt i desember.

Komitéinnstillinga til Stortinget vil altså gå på at Hardangerbrua skal byggjast, slik det også står i stortingsproposisjonen, som vart vedteken av Bondevik-regjeringa og etterpå klubba gjennom av Stoltenberg-regjeringa.

Men proposisjonen sitt punkt om kopling mellom Hardangerbrua og miljøtunnelar på Rv. 7 over Hardangervidda vert ikkje med vidare. Med andre ord: miljøtunnelar skal ikkje finansierast av bompengar på Hardangerbrua.

Når det gjeld Bergensprogrammet, med Bybana og Ringveg vest, vil komitéinnstillinga også der liggja føre som offentleg dokument 16. februar. Saksordførar Truls Wickholm, Ap, skal overlevera sitt forslag til innstilling tysdag 31. januar.