— Her utpå skal dei ha eit grønt belte.

Oddvar Juvik står på stupet framfor garden sin vest på Askøy. Stupet går like i vågen, og på andre sida er gravemaskinene i ferd med å rive den gamle sildemjølfabrikken på Horsøy.

Gravemaskinene jobbar for Trond Mohn-selskapet Framo Engineering. Dei skal fylle att store delar av vågen. Allereie i 2009 skal dei første industrihallane stå på plass, første trinn av ei utbygging som skal gje tusenvis av arbeidsplassar til Askøy. Det er i alle fall lovnaden lokalbefolkninga får servert litt seinare på kvelden under presentasjonsmøtet til Framo Engineering.

Slutten på ei livsform

Men no står Juvik framfor huset sitt og fortel om at han har sett dei første vipene for sesongen.

— Det er trua artar, men det fekk dei ikkje med seg i rapporten sin. Men så laga dei den om vinteren, smiler han.

I forslaget til reguleringsplan frå industriselskapet er det gjort ein ekstra sving til ære for bustadhuset til Juvik. Han blir buande på grensa med utsikt til anlegget.

Han gjev ikkje uttrykk for særleg frykt for at han ikkje vil få betalt. Mest av alt handlar dette om å miste garden.

— Er det trist?

Juvik stoppar heilt opp, og snur seg utover mot sjøen.

— Ja, du veit du har jo alltid halde på her. Det er ikkje godt å vite kva ein skal seie. Det blir ei heilt anna livsform. Alt blir snudd på hovudet, seier han.

- Ikkje særleg stor verdi

Vi må gå. Pickupen til Juvik køyrer med telemontørstigar på taket til Ravnanger.

I grendehuset er allereie adm. direktør Ole G. Steine i Framo Engineering godt i gang med presentasjonen. Selskapet har invitert lokalbefolkninga som blir råka av utbygginga til eit orienteringsmøte.

Steine viser dei store planane, og får følgje av Torhild Wiklund i konsulentselskapet Asplan Viak. Eit området på 900 mål. 600 arbeidsplassar innan 2012, rundt 3500 om ein reknar med ringverknadene.

— Planen legg beslag på store areal, men naturen er i våre planar definert som ikkje å ha særleg stor verdi, seier Wiklund, til gryande hånlatter frå delar av dei rundt 70 som har møtt fram.

Ho fortel at dei heller ikkje har vurdert kulturminna til å ha noko særleg stor verdi. Wiklund summerer opp det heile med ein plansje som viser at dei har rekna for og i mot, og kome fram til at planen har fleire positive sider enn negative.

Husprisar rasar

Wiklund blir under foredraget avbrote fleire gongar av stadig meir aggressive spørsmål frå salen. Spesielt er sinnet stort når ho viser kartet over støyen trafikken til anlegget vil skape. På vegen opp frå Horsøy vil trafikken auke med 250 prosent.

— Det raude området er der støyen vil liggje over 65 dBA, seier Wiklund.

Bak henne er vegen der det ligg bustadhus på begge sider. Til begge sider for vegen er kartet illraudt. Det er når heile området er utbygd, og rundt 2000 menneske jobbar der.

— Vi har hatt takstmannen på besøk. Han seier huset har fått stort verditap. Kven skal kompensere for dei tapa vi får når verdien er halvert, spør Jan Søvik frå salen.

Han får ikkje svar.

HELGE HANSEN