Liv Ingunn Hagenberg på Karmøy har ikkje angra eit sekund på at ho tok mellomnamnet Halleluja våren 2004.

— For meg har det nye namnet vore veldig positivt! Eg kallar meg sjølv gladkristen, og Halleluja-namnet har vore ein døropnar for å fortelle andre om det som er så viktig i mitt liv. «Heiter du verkeleg det?» spør folk - og så har vi ein fin prat, seier ho til BT.

— Har du fått negative reaksjonar?

— Nei då. Det folk klør seg i hovudet for når det gjeld meg, er at eg nesten er for glad! Eg synest ikkje at det er eit alvorleg lyte. Glede skal prege alt kristenliv!

— Men kva meiner du om namn som Bånnski, Keikoburger og Kolaautomat?

— At det går an å bruke knotten på toppen av hovudet! Eg er sikker på at mange kjem til å kutte ut slike namn i seinare fasar i livet. Ein kan ikkje sitje på gamleheimen og heite Kolaautomat. Det blir for dumt!

— Men Halleluja er ikkje for dumt?

— Nei, for det betyr «pris Gud», og det er det eg ønskjer å gjere i livet mitt!

Erik Bånnski Eliassen har også berre fått positive reaksjonar på namneskiftet.

— Det har berre vore gøy, seier 23-åringen frå Kristiansand.

— Og kva sa mor di?

— Det var ho som tipsa Fædrelandsvennen! Ho synest berre det er vittig.

Heller ikkje mor til Espen Keikoburger Scheide i Trondheim vart sur.

— Eg trudde ho kom til å bli sint, men dei smilte og flirte heile gjengen.