Visste vi ikkje betre, kunne vi tru vi var midt oppe i heitaste valkampen. Eller på vekkingsmøte hjå Levende Ord.

Fram mot klokka åtte stod eit hav av faklar på plenen nedanfor Ullensvang Hotell på Lofthus. Oppe på altanen stod transport— og kommunikasjonskomiteen dressa opp til middag.

Så kom Sverre Kleivkås, leiar i Aksjon Hardangerbru og tok ordet:

– Tidlegare i dag ville komiteen vita litt om det folkelege engasjementet for Hardangerbrua. Vil vi ha Hardangerbru?

— Jaaaa!! ljoma det frå folkehavet.

Og no er spenninga er over. Resten er berre formalitetar.

– Eg reknar med som sikkert at Hardangerbrua vert vedteken samrøystes i Stortinget 28. februar, seier Torstein Rudihagen (Ap) til Bergens Tidende. Rudihagen kjenner Hardangerbru-saka som få andre. Han er 2. nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen. Men han var og statssekretær i Samferdsledarpementet under Kjell Opseth då Hardangerbrua fall i Stortinget i 1996.

– Som de veit, valde den nye regjeringa å ikkje dra attende proposisjonen om Hardangerbrua, som var lagt fram av Bondevik-regjeringa. I praksis betyr det at ei samla regjering står bak proposisjonen, og då vil regjeringspartia røysta samla for brua i Stortinget.

– No er det berre sensasjonelt nye opplysningar som kan endra dette, seier Rudihagen.

På rekkje og rad

Arenaen i går var kinosalen i Hardangervidda Natursenter i Eidfjord. Stortingets transport- og kommunikasjonskomité hadde høyring om Hardangerbrua. Trauste innlegg for og i mot frå ulike interessegrupper, som Aksjon Hardangerbru, Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet.

Så kom turen til komitémedlemene, som fekk ordet etter tur til kommentar og spørsmål.

Saksordførar Øyvind Halleraker tok ordet fyrst. Ingen vart overraska over at han gjorde kjent sitt standpunkt.

Så kom Eli Sollied Øveraas, Sp. Ho etterlet ingen tvil.

Borghild Tenden frå Venstre ville ikkje vera dårlegare.

— Venstre på Stortinget er for Hardangerbrua, forkynte ho til stor fagnad frå ein fullsett kinosal.

Deretter fylgde Eirin Faldet, Irene Johansen, Truls Wickholm og Tor Arne Strøm frå Ap. Jan Sahl, KrF, fylgde opp og blunka til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Trond Helleland, H, opplyste at han var fødd i Norheimsund, oppvaksen på Lofthus og budde i Hallingdalen. Så det var greit.

Også SV

SVs Hallgeir Langeland stod ikkje fram på same måten. Og han vreid seg litt då BT spurde han direkte etterpå.

– Regjeringa går inn for brua. SV er i regjeringa, sa Langeland.

– Trur du at Hardangerbrua vert vedteken samrøystes i Stortinget?

– Ja, det trur eg, svarde Langeland.

SVaren Bjørn Lothe frå Ullensvang er ikkje så sikker.

– Eg skulle no tru at Ågot Valle i alle fall vil røysta mot.

Heller ikkje Framstegspartiet stod fram med sitt ja, men komitéleiar Per Sandberg skein som ei sol.

Berre Arne Sortevik held seg alvorleg.

– Slik kan det ikkje halda fram. Dette er å misbruka høyringsinstituttet, sa Sortevik til Bergens Tidende etterpå.

FAKLAR FOR BRU: Det var tett med faklar på plenen utanfor Ullensvang hotell i går kveld. FOTO: ARNE HOFSETH