Hytte— og nausteigarar har protestert, Kurt Oddekalv og Norges Miljøvernforbund har protestert. Men ingen ting ser no ut til å kunna stoppa landets største ferjestø i Langeneset, til 122 millionar kroner.

Nokre justeringar av forholda for gåande er alt som skal gjerast før forvaltningsstyret og kommunestyret i Os gir endeleg klarsignal for prosjektet før sommarferien.

Ferdig i 2006 - 2007

Men enno vil det gå eit par år før det er slutt på kaotiske trafikktilhøve på Halhjem i dei store utfartshelgene. Ei melleombels utviding med 60 oppstillingsplassar som no pågår vil avlasta ein del. Men berre ein ny kai med oppstilling for 400 køyretøy - mot dagens 115 - er det som fører til slutt på køar langs E 39 mot Osøyri og kork i framkomsten til Bjørnen, Kjeldevegen og Tysnes-ferja.

Det meiner i allfall Vegvesenet, som reknar med to års byggetid på det nye kaianlegget. Ifølgje plansjef Asle Andås i Os kommune kjem bygginga i gong truleg sommaren 2005.

— Det er kome inn vel 30 merknader etter at planen var ute på høyring i haust. Me går no gjennom desse, og reknar med å ha klart eit endeleg planframlegg til påske, seier vegvesenets Gunn Cecilie Omre, prosjektleiar for Halhjem nye ferjekai.

Trongt i osen

Etter at dei første ferjene til Stord og Tysnes tok til å gå frå Halhjem for 40 år sidan, har det vore ei kolossal utvikling i både trafikk, ferjestorleik og ferjefrekvens.

Småbåttrafikken i Halhjemsosen har fått stadig trongare kår. Teknisk og menneskeleg svikt under ferjemanøvreringa har stundom ført til at både naust og privatbåtar har fått uønskt nærkontakt med HSD-fartøya. Men det har ikkje skjedd alvorlege kollisjonsulukker i det smale sundet inn frå Bjørnefjorden som også er eit populært hytteområde.

Dei tre nye gassferjene som HSD håpar på å få statleg velsigning for å byggja, er øyremerkt selskapets gullsamband Halhjem - Sandvikvåg. Dei er 130 meter lange, 40 meter lengre enn dei største som HSD i dag disponerer i sambandet.

Gass på land

Gassferjene skal etter planen ha to stø på kvar side av ein 90 meter lang utstikkar ut i osen. I tillegg skal området har venteplass for ei tredje ferje.

Kvar båt får plass til minst 230 personbilar og 500 passasjerar, og vil vera altfor store til å kunna bli manøvrerte inn til dagens ferjestø på Halhjem.

De noverande ferjekaien blir næringskai for Os. Nausteigarane får nye erstatningsnaust i Naustvågen på andre sida av Langenes.

På kaien blir det plassert to gasstankar som er 35 meter lange og fem meter i diameter.

Nyekaien blir konstruert slik at all billettering kan skje automatisk på land.

Krigsminne planert

Langeneset, eigd av Bergen og omegn friluftsråd, blir fullstendig slukt av den nye ferjeterminalen. I det småkurperte terrenget er det i dag eit særprega dalsøkk og restar av skytestillingar og skyttargraver som tyskarane nytta under andre verdskrigen.

Alt må vika for ferjebilane. Også badeplassen, som likevel alt er øydelagt på grunn av draget frå ferjene som går ut og inn osen.

Vegvesenet tilrår støyskjerming for fire av dei 13 bustadane som blir liggjande nærmast trafikken i kaiområdet.

KAIEN FOR LITEN: Dei nye gassfergene får kai med oppstilling for 400 køyretøy - mot dagens 115.