Hålandsdal IL skipar til sin årlege fest etter sesongslutt. Dette skjer på Holdhus Oppvekstsenter onsdag 23.april kl 19.00. Ta med mat og kaffi, brus vert servert.

Det er 70 år sidan laget blei stifta, og dette vil blant anna markerast.

Skiskyttarane i laget har presert framifrå denne sesongen, frå dei yngste rekruttane og til juniorane og seniorane. Spesielt vil me nemna Sondre Eide som blei teken ut til Junor VM i Rupholding, kom heim med ein sølvmedalje i stafett, og lagkompis Vegard Hansen med sølvmedalje indiviuelt i Junior NM.

Laget har satsa ekstra på juniorane og seniorane dei to siste sesongane, ved å få med seg firma som kan hjelpe utøvarane økonomisk på vegen mot toppen. Dette er til uvurderleg hjelp for dei seriøse ungdomane og gjev allereie resultat.

HIL-utøvarar.
Erik Vangsnes